Plan for kulturminne / kulturarv

2 Kulturminne som allereie har eit vern i dag

 

2.1 Fornminne (før 1537)

Kulturminne som er eldre enn reformasjonen, vert kalla fornminne, og har eit automatisk vern etter kulturminnelova. Det vil seia at ein må søkja om å få frigitt kulturminnet viss ein vil røra det eller fjerna det. I Hjelmeland er det mange slike , ikkje minst i form av gravhaugar.

Viktige fornminne i Hjelmeland er omtalt i «Hjelmeland-bygdesoge før 1800» av Trygve Brandal (Hjelmeland kommune 1997). Nokre er å finna i Hjelmelandsnaturen framleis, andre er godt påpassa i regionale og nasjonale museum.  Her er eit representativt historisk utval av døme på slike:
 

2.1.1 Steinalder 10000 -1800 fKr
 

Storhidler/Årdalsheiane:

Dei eldste spor etter menneske i Hjelmeland finn me ved Storhidlervatnet litt vest for Nilsebu i Årdalsheiane, 738 moh. Den eldste bruken av staden går truleg attende til tida kring 6000 år f.Kr., det me kallar eldre steinalder. Ved utgraving er det her funne hundrevis av små, skarpe flintbitar. Føremålet med bruk av hidleren var nok reinsdyrjakt. Klimaet var varmare enn no. Funn frå eldre steinalder finst også frå Lyngsvatnområdet.

Bonshidleren/Viganeset:

Det er rundt 20 funnstader med funn frå steinalderen i Hjelmeland. Steinaldertida vert rekna frå 6000 til 1500 fKr. Dei fleste funnstadane er langs kysten. I Bonshidleren på Viganeset ut mot Ølesundet er det i tillegg til steinreiskap, funne reiskap laga av bein, slik som fiskekrokar og nåler.

 

2.1.2 Bronsealder 1500 - 500 f.Kr:


Kvernhushaugen på Mjølhus:

Det er lite enkeltfunn frå bronsealder, men dei store gravrøysane av stein, som er plasserte høgt og fritt på nes og kollar med utsyn mot sjø, er frå denne tida. På toppen av Kvernhushaugen på Mjølhus er der ein slik haug.
 

2.1.3 Eldre jernalder /folkevandringstid 500 f.Kr - 550 e.Kr

 
Grava på Mjølhus:

Den eldste jernaldertida (f.Kr) er der etter måten lite funn frå Hjelmeland, med unntak av eit gravfunn frå   Mjølhus. Her er det funne eit høgt lerkar, og ein fingerring i gull på 15 gram. 

Kvinnegrava på Riveland:

 I 1903 vart det grave fram ei kvinnegrav i ein haug på Riveland i Årdal. Der vart funne fleire smykke i sølv og bronse, to spinnehjul, tre knivar, ei leirkrukke, ei tretine og to pilar. Liknande funn er også gjort på Børkja og Gjesfjell.

Håland, Valheim  og Land-namna

Stadnamn som endar på –land er stort sett frå folkevandringstida, som er rekna for tida mellom 400 og 600 e.Kr. Vel fjerdeparten av gardsnamna i Hjelmeland har –land-ending; 33 av 115.  Rester av gardsanlegg finst m.a. på Børkja og i Vormedalen. I Vormedalen finn ein øydegarden Håland, som saman med seks gravhauger utgjer eit spennande fornminne. Dette gardsanlegget er grundig undersøkt av arkeologar.  På Valheim i Årdal vart det i 1986 gjort eit stort gravfunn, ei mannsgrav med mykje utstyr inkludert ein kniv på 25 cm.

Perla og blyseglet

Mange enkle gjenstandar som er funne i Hjelmeland stammar frå denne tidsperioden. Mest kjent er den såkalla perla frå Børkja; ei glasperle utført i ein spesiell teknikk (millefiori), truleg produsert ved Svartehavet ein stad. Det finst berre fire slik i heile landet. Eit anna spesielt funn er det romerske blyseglet frå Mjølhus, med den romerske sigersgudinna Victoria som symbol.

Klikk for stort bilete

 

 

Bygdeborgene på Mjølhus

Det er 52 bygdeborger i Rogaland, av desse ligg sju i Hjelmeland. Alle er frå folkevandringstida. To av dei ligg på Mjølhus, den eine på Kvernhusberget og den andre på Borgaråsen på grensa til Viga og Døvik. Dette var forsvarsanlegg som vart lagde på høge og vanskeleg tilgjengelege knausar og åsar, og fungerte som tilfluktstad for folk i tilfelle fiendtlige åtak.

Dei kvite steinane på Fister

I jernaldertida eksisterte det  i Hjelmeland fleire høvdingedøme. Funnet av fire kvite steinar – fallossteinar – innafor eit forholdsvis avgrensa område på Fister midtre, vitnar om at det må ha vore ein kultplass i eldre jernalder. Desse steinane og dei fleste av dei nemnde funna er i dag i Arkeologisk museum, Stavanger.

 

2.1.4 Yngre jernalder 550 - 1050 e.Kr


Skatten på Sæbø:

Seks flotte sølvringar (halssmykke), til saman eit kilo reint sølv, vart funne under ein stein på Sæbø for rundt 250 år sidan (1769). Det er det største sølvfunnet i Rogaland, og er i dag del av den faste utstillinga i Nationalmuseet i København. Ein av dei seks ringane vart i 1812 gitt som gåve frå kong Frederik 6 til den franske sendemannen , Baron Alquier, ein sentral person i kontakten Frankrike/Danmark/Sverige, og dermed er der berre fem att på museet. Sølvringane er eit av fleire rike funn frå denne perioden i Hjelmeland. Andre viktige funnstader er Kyrkhus i Årdal; Rosså på Ombo, Børøy, Mosnes og Valheim.

Klikk for stort bilete

 

 

 

Gravfeltet på Mæle

På Mæle i Årdal, ved avkøyringa mot Svadberg, ligg det eit gravfelt med tilhøyrande nausttuft som er frå denne tida. Ein reknar med at havnivå i yngre jernalder var rundt 2 m høgare enn i dag, så plassering av nausttufta var nok rett. Gravfeltet er delvis tilrettelagt.  

 Klikk for stort bilete

 

 

 

Gravfeltet på Svadberg

I samband med arbeid med ny riksvegtrasé frå Melkeråna til Årdal i 2015, vart det oppdaga «nytt» fornminnefelt på Svadberg.

Bautasteiner

Ein annan type gravminne frå denne tida var bautasteiner. I Hjelmeland finst fleire slike. Den høgaste er å finna på Store Bjelland på Hjelmelandsfjellet og ragar 2,7m over bakken.

 

2.1.5 Middelalder 1000 - 1537 e.Kr

Høgmiddelalder strekk seg frå vikingetid til Svartedauden (1349). Kristendomen vart innført – i katolsk form- , og me får dei fyrste skriftlege kjeldene.

Krusifikset i Årdal

Krusifikset i Årdal gamle kyrkje er truleg frå 1200-talet og er det einaste større middelalderkrusifiks som framleis finst i Rogaland. Det vert rekna som eit av dei større klenodiene til Stavanger Museum den dag i dag.

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Testamentet etter stormannen Arnbjørn på Hebnes

Den eldste skriftlege kjelda som omtalar noko frå Hjelmeland, er testamentet etter stormannen Arnbjørn på Hebnes, frå 1286. Der er omtalt ei gåve til «Sæbiar kirkiu», truleg kyrkja på Hjelmeland som på den tida var reist på garden Sæbø. Testamentet er oppbevart i Riksarkivet.

Gåvebrevet til herr Olav av Foss

Den nest eldste skriftlege dokumentet frå Hjelmeland er gåvebrev der her  Olav frå Foss gir gåvebrev på garden Rossavik til Stavanger domkapitel i 1298. Mange skinnbrev frå tidleg 1300-tal gjeld overføring av eigedom. Dei tre store eigargruppene var bondegods (vel halvparten), krungods (om lag 15%, konge/stat) og kyrkjeleg gods (resten). Gåvebrevet er oppbevart i Riksarkivet.

Døypefonten i Hjelmelandskyrkja

Døypefonten i Hjelmelandkyrkja er eit vakkert steinkar, utført i romansk stil, og er truleg frå 1100-talet. Døypefonten kom attende til kyrkja ved 100-årsjubileet i 1958, etter å ha vore brukt til å samla regnvatn på Hauske i mange år. Døypefonten stammar truleg frå den eldste kyrkja i Hjelmeland, men vart bytta ut allereie før 1845. I 1952 vart døypefonten kjøpt på auksjon for 50 kr av Stavanger Aftenblad, som ga den vidare til Stavanger museum. Derifrå kom den attende til kyrkjejubileet.

Svartedauden og nedgongstider (1350-1500)

Mange gardar vart lagt aude som følgje av Svartedauden. I Årdal reknar ein at det var 40 gardar før pesta kom. 150 år seinare var det berre 15 gardar att med folk på. Dette var dei største og beste gardane. Seks av ti innbyggjarar omkom som følgje av sjukdomen. Her er få spor i dag frå denne tida.

2.2 Museum og listeføring

2.2.1 Bygdamuseet

Hjelmeland Bygdemuseum vart formelt oppretta i 1975, og inngår i dag som ei samling innafor Ryfylkemuseet.
I fleire år før og etter 1980 var det Makkamjølsklubben, det lokale museumslaget, som stod for innsamling, konservering og katalogisering av gjenstandar.

Gjenstandssamlinga i Hjelmeland bygdemuseum vart deponert til Ryfylkemuseet gjennom ein avtale som vart inngått i 2006. Samlinga er for tida plassert i Vågahuset nær opp til biblioteket i Hjelmelandsvågen.

Forutan ei variert samling av gjenstandar frå farne tider, kan bygdemuseet nå visa fram tre tema-utstillingar :

Eldhuset viser ei rekke gjenstandar som vart nytta i samband med matlaging.

Skomakarverkstaden. Her har ein prøvd å gjenskape eit skomakarmiljø frå Hjelmeland. I ein periode hadde Hjelmeland heile 9 skomakarar.

Husmannstova er også ei rekonstruksjon av svunnen tid. Hjelmeland var ei husmannsbygd og skal også ha fostra Noregs siste husmann. Aanen Holmen sat nemleg som husmann på Haugen under Funningsland, til han døyde i 1980.

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

2.2.2  Ryfylkemuseet og Vigatunet

Regionmuseet vårt er Ryfylkemuseet og har hovudkontor og magasin på Sand. Vigatunet er eigd og drifta av Ryfylkemuseet, og er eit uvanleg interessant og velhalde museumstun.  Tunet har ope for publikum kvar sommar, elles etter avtale.

Delar av stoverhuset i Viga, den gamle røykstova, er frå 1600-talet, og me kan følgja historia til Vigatunet så langt attende som til 1500-talet via skriftlege kjelder. I tillegg er det i området rikeleg med fortidsfunn i form av gravhauger og direkte funn frå vikingetid.  Tunet står i dag som det vart sjåande ut i 1821. Typisk for Viga og andre eldre hus i Hjelmeland er helletaket, som på våre kantar er lagt med ein heilt annleis teknikk enn lengre nord (Hardanger).

Driftsgrunnlaget var åkerbruk og husdyrhald, men det vart også dyrka frukt. Ein kulturhistorisk frukthage er å finna i tunet i dag. Tunet er teke godt vare på av Ryfylkemuseet, med m.a. restaurering av løa nyleg. Ryfylkemuseet legg også opp til aktivitetsdagar og faste opningstider i Vigatunet. Eit publikumsbygg med fasilitetar er ønskjeleg å få på plass. Gardstunet har heller aldri hatt eige kjøkken.

Klikk for stort bilete

 

 

 

2.2.3 Listeførte og verna kyrkjer

Listeførte kyrkjer (definisjon):

Ei listeført kirke er av Riksantikvaren vurdert som eit verneverdig kulturminne. Kyrkja er ikkje freda, men alle saker som gjeld endringar i eller ved en listeført kyrkje, også istandsettings- og vedlikeholdstiltak, skal sendast til Riksantikvaren for uttale. Kyrkjeleg fellesråd sender søknad via biskopen til Riksantikvaren. Riksantikvaren gir faglege råd om endringar eller vedlikehald, men det er biskopen som gjer endeleg vedtak etter kyrkjelova.

Alle kyrkjer bygd mellom 1650 og 1850 er listeførte. Ei rekkie kyrkjer bygde etter 1850 er også listeførte.

Kyrkjer som ikkje er listeførte, krev likevel vedtak av biskopen.

Hjelmeland har i dag to listeført kyrkjer; Hjelmeland frå 1858, og Fister frå 1867. I tillegg har me Årdal gamle kyrkje som er freda. Den eldste delen av Årdal gamle kyrkje er frå 1619. «Nye» Årdal kyrkje frå 1918 er ikkje liste ført, men har også eit visst vern ved at biskopen skal godkjenna endringar og tiltak i nærleiken (60m).

Hjelmeland kyrkje

Hjelmeland kyrkje er ei Linstowkyrkje type R, bygd i 1858. Det er det største kyrkja i kommunen i med 450 sitjeplassar. Omstenda rundt bygginga av kyrkja er omtala i bygdaboka. Dåverande sokneprest Thaulow var ein sentral person i byggeprosjektet. Kyrkja vart fornya i samband med jubilea i 1958 og 2008.

 Måleri og epitafi i Hjelmelandskyrkja:

Ved reformasjonen i 1537 vart Luther si lære offentleg religion, og statskyrkja vart innført. Lutherdomen sin fyrste «store» biskop i Stavanger, var dansken Jørgen Eriksen. Son hans, Daniel Jørgensen, vart sokneprest i Hjelmeland, ei teneste han hadde frå han var 1601 til 1635, då han døydde. Den dag i dag heng bilete både av bispen sjølv og sonen i Hjelmelandskyrkja. Daniel var ein mektig mann med mange jern i elden, m.a. stor på trelasthandel. Han har namnet sitt utskore i preikestolen i Årdal gamle kyrkje.

Syster til Daniel, Margrete, vart gift med den neste soknepresten i Hjelmeland: Jens Jonassen Hjelm. Då han døydde, gifte Margrete seg på nytt med den neste presten; Jens Simonsen Morsing. Morsing vart snart enkemann, og gifte seg seinare oppatt tre gonger. Bilete av Morsing og dei fire konene – epitafiet – er å finna i Hjelmelandkyrkja den dag i dag.

I alle kyrkjene finn me viktige kulturminne frå denne tidsperioden, sjølv om dei eldste kyrkjene på Fister og Hjelmeland er blitt erstatta med nyare bygg frå 1800-talet.  Til dømes finst det eit krusifiks i Fisterkyrkja frå 1500-talet. Her er også altertavla frå 1626, laga av Tomas Snekker og Godtfried Hendtzschel. På bygdamuseet finn me den gamle «bispestolen».

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Fister kyrkje

Fister kyrkje frå 1867  er også ei Linstowkyrkje, ei tømra langkyrkje med tårn.  Kyrkja har ein del eldre innreiing frå 1600-talet.

Årdal gamle kyrkje

Freda kyrkjer –definisjon:

Alle kyrkjer oppført før 1650 er automatisk freda. I tillegg er også kyrkjegardar og gravminne eldre enn 1537 samt samiske gravlegginger og gravminneeldre enn 100 år automatisk freda.

Det mest verdifulle kulturminnet i Hjelmeland i form av enkeltbygning, er Årdal gamle kyrkje.  Kyrkja er freda. Ein reknar med at den vart reist i løpet av fyrste halvdel av 1600-talet same staden som det var reist ei kyrkje allereie på 1200-talet.  Byggeår er sett til 1619. Dermed er 400-årsjubileet straks komande.  Tomas Snekker lagde delar av inventaret, og den kjende målaren Gottfried Hendtzschel dekorerte. Krusifikset, som i dag er på Stavanger Museum, er omtala under kap 2.1.5.

 

Årdal nye kyrkje

Årdal kyrkje vart bygd i 1914-16 og vigsla i 1919. Kyrkja vart 100% finansiert av innsamla midlar frå utvandra årdalsbuar til Amerika.

Kyrkja har dermed ein svært spesiell historie. Departementet hadde sagt nei til soknet og soknepresten sitt ønskje om å få ei ny kyrkje i Årdal. Dermed starta årdalsbuar i Amerika ein innsamlingsaksjon for å skaffa bygda ny kyrkje. Kyrkja vart bygd, men departementet sa då nei til å ta kyrkja i bruk då ho stod ferdig. Det gjekk fleire år før godkjenninga kom, og kyrkja vart vigsla og tatt i bruk i 1919. Kyrkja har om lag 250 sitjeplassar.

Kyrkja er ikkje listeført, men biskopen skal likevel godkjenna endringar.

Kyrkja vart omfattande restaurert i 1968.

Kyrkjegardar og gravplasser

Etter nyare lovverk er det berre kyrkjegardar som ligg i direkte tilknyting til kyrkjer som kan kallast kyrkjegard. Etter den definisjonen har me desse kyrkjegardane:  Årdal gamle, Årdal, Fister, Hjelmeland. I tillegg har me gravplassane Vormedalen, Øye, Kåda, Jøsneset og Jøsenfjorden.

Kyrkjegarden ved Årdal gamle kyrkje er freda.

2.3 SEFRAK og vern etter plan og bygningsloven

2.3.1 SEFRAK

SEFRAK er eit landsomfattande registre av eldre bygningar, registert av fagfolk på 1970-talet. Det er ein god del SEFRAK-registrerte bygningar i Hjelmeland. Dette er bygg som er kategorisert i A,B og C etter verneverdi.

Bygningane i SEFRAK-registeret er i utgangspunktet ikkje tillagt spesielle restriksjonar. Registreringa fungerar meir som eit varsko om at kommunen bør ta ei vurdering av verneverdien før det eventuelt blir gitt løyve til å endre, flytte eller rive bygninga.

For meldepliktige bygningar (bygningar er eldre enn 1850), er det lovfesta i Kulturminnelova §25 at ei vurdering av verneverdien MÅ gjerast før søknad om endring eller rivning kan bli godkjent.

Saksgang for endring på meldepliktig bygning:

Eigar må søke kommunen om endringar på bygninga.

Kommunen sender søknaden til fylkeskommunen som skal uttale seg om søknaden FØR kommunen fatter vedtak.

Kommunen skal melde alle endringar på bygninga til fylkeskommunen.

Kommunen kan gi løyve til riving sjølv om kulturminnemyndigheitene i fylkeskommunen tilrår at bygget bør vernast.

SEFRAK har ei vurdering i ulike kategoriar; A, B og C der kategori A er dei mest verdifulle. Vinteren 2015 vart det gjennomført ei gjennomgang av tilstand til alle dei 45 SEFRAK A objekta. Alle bygningane i Vigatunet og Spinneriet i Hjelmelandsvågen, 10 i alt,  er blant SEFRAK-objekta. Av offentlege bygg er det utanom Spinneriet berre det gamle skulehuset på Funningsland som er i kategori A. I følgje tilstandsrapporten er det mange av SEFRAK-A-bygga som er anten i sterk forfall, eller som har fått redusert verneverdi som følgje av ombygging.

Nokre av A-bygga, m.a «Bjellandhuset i Vågen» og våningshuset på Sandegarden ligg i område som har vernestatus gjennom bruk av reguleringsplan.

I tillegg til A-bygga er der drøyt 200 bygg i kategori B og ennå litt fleire i kategori C.

Klikk for stort bileteDet gamle skulehuset på Funningsland er eit SEFRAK-byggKlikk for stort bileteVåningshuset på Midtre Ramsfjell er eit SEFRAK A-bygg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2.3.2 Regulert til verneføremål, eller avtale

 Gjennom reguleringsplanarbeid kan område regulerast til vern. Det er eit tiltak som i liten grad har vore i bruk i Hjelmeland., men i reguleringsplan for Åna-Svarteberget i Nordbygda, og i reguleringsplan for Sandeområdet er der mindre felt som har dette føremålet. Dei to bygga på Sandegarden kjem inn under det aktuelle verneføremålet.

I gjeldande kommuneplan frå 2011, er det regulert eit område i Viga/Mjølhusområdet  til verneføremål på grunn dei omfattande kulturinteressene.

Kommunen har også inngått avtalar om vern. Det er kommunal avtale knytt til den siste husmannsplassen i kommunen, på Funningsland.  Og det er kommunal avtalee knytt til overføring av skulehuset i Målandsdal til private, og til gamle heradstova på Hjelmeland. Kommunen eig i tillegg kulturbygget Spinneriet i Hjelmelandsvågen.

Dalen skule på Høiland har også hatt ein avtale, status her er noko uklart.