Plan for kulturminne / kulturarv

7 Kva vil me prioritera å utvikla?

Hjelmeland kommune har ein brei historisk plattform som er med på å skapa lokal identitet. I dei foregåande kapitla er det gitt eit lite innblikk i noko av det. Historia er med på å forklara kven me er. Å vera observant på utviklingstrekk, kan også gjera at ein kan vera med på å påverka utviklinga i ei ønska retning framover. I kap 7.1 ser ein på kva gjeldande kommuneplan seier om tema. I Kap 6.2 prøver ein å foreslå noko nytt. Det er ei utfordring at det som allereie er vedteke – dvs gjeldande kommuneplan – ikkje nødvendigvis er blitt  nedfelt i tiltaks form.

7.1 Kva er status i dag ?

Målsetting for kultur og kulturminne i gjeldande kommuneplan «Hjelmeland Naturlegvis» er følgjande (kap 4.6):

Kultur skal skapa ei aktiv rolle i forhold til trivsel, identitetsbygging, tilhøyrighet og utvikling av Hjelmeland kommune.

I same kommuneplan er det sagt følgjande om kultur/kulturminne:

Kulturminna skal bidra til å framheva vår eigen identitet, særpreg, historie og vera ein viktig kulturbyggjar.

Og det er skissert denne måten å løysa det på:

  • Skapa forståing for den eineståande kulturarven me forvaltar i Hjelmeland
  • Kulturminne skal sikrast gjennom vern og bruk
  • Gjennom tilskotsordningar ta vare på og restaurera verdifull arkitektur, kulturlandskap og andre kulturminne
  • Vidareføra samarbeidet med Ryfylkemuseet, med særleg fokus på bygdemuseet og Vigatunet
  • Aktiv bruk av kulturminna i oppvekst, skule og næringssamanheng
  • Auka kjennskap til kulturminna gjennom informasjon og formidling. Desse automatisk fredag kulturminna skal ha særleg fokus:
  • Årdal: Soppaland, gravfelt frå jernalder. Kyrkjhus; middelalderkyrkjegard og renessansekyrkje, Mæle: Gravfelt og to nausttufter frå jernalder
  • Fister: Midtre Fister: gravfelt frå jernalder. Nedre Fister: Middelalderkyrkjegard og to gravrøyser frå eldre jernalder
  • Riskadal: Gardsanlegg frå jernalder (prestavegen går gjennom området)
  • Mjølhus: Bygdeborg frå jernalder og ei gravrøys som kan vera frå bronsealder.

Dei ovannemnde kulturminnelokalitetane representerer ulike typer synlege kulturminne. Fleire av lokalitetane er svært store og består av mange enkeltminne, kor dei fleste enkeltmina er godt synlege. Lokalitetane er også forholdsvis lett tilgjengelege.

7.2 Kva har skjedd?

I kva grad ein på desse punkta har lukkast i høve til planen frå 2011, kan diskuterast. Kulturminna vert i dagens samfunn ofte forbunde med trøbbel og heft, i staden for identitetsbygging og muligheter. Det er ofte eit eller anna fornminne der ein har tenkte å gjera eit eller anna inngrep i form av bygging eller td sanduttak. Dermed vert kulturminnet ein ekstra kostnad eller ein barriere for utvikling.

Der ein kanskje har oppnådd mest, er gjennom tilskot til enkeltprosjekt innafor landbruk, der det har vore stilt til rådvelde statleg midlar til kulturvern – så kalla SMIL. Ryfylkemuseet har gjort ein formidabel jobb med restaurering av bygga i Vigatunet, ein fantastisk investering i museumstunet. Særleg restaurering av løa har vore eit stort løft.

I tillegg er det gjennom ein del enkeltarrangement, som td grunnlovsjubileet og jubileet for kvinneleg røysterett, sett fokus på Hjelmeland sin plass i historia.

Engasjementet rundt Prestavegen er døme på andre positive initiativ.  Tilrettelegging av «Skulp-turen» kan også nemnast. Totalt sett  er det likevel mykje potensiale i ei betre utnytting av den historiske fellesarven.

7.3 Kva vil me få til vidare? Mål.

Gjennom arbeidet med planen har ein fastsett dette hovudmålet:

Gjennom å halda ved like og å  gjera den lokale kulturarven levande, skal me bidra til å utvikla kommunen og bygdene.  Slik vert området vårt ennå meir interessant og meir triveleg å bu i og besøke .

 

Kort sagt:

Me vil fortelja om Hjelmeland si historie, og gjera den interessant for folk flest.