Plan for kulturminne / kulturarv

4 Nyare tids kulturminne Frå reformasjonen til 1800

Skottehandel på Nesvik

Sekstenhundretalet var tida for den store trelasteksporten, særleg til Skottland og Nederland. Nesvik var ei av dei mest brukte hamnene. Her finst den dag i dag stadnamn som minner om tida: Skotahaugen, Skotaneset og Skotavika på Nesvik er blant dei. 

Rundt om i kommunen dukka det opp sager; oppgangssager basert på vasskraft. Tidlegare nemnde sokneprest Daniel Jørgensen åtte to sagbruk, dei stod på kvar si side av Hjelmelandsåna og vart kalla Sæbø sag og Hjelmeland sag. I Jøsenfjorden var det tre sagbruk; Jøsen sag, Vadla sag og Segadal sag. I Segadal finn me stadnamnet Savika den dag i dag.

Elen Sofie og Børge Børgeson Tøtland

I 1688 vart krungodset seld ut. Jørgen Thommesen frå Stavanger handla det meste, men selde vidare til Børge Børgeson Tøtland. Han gifta seg andre gong med prestedottera Elen Sofie Tøtland. Børge vart med tida eigar av praktisk talt heile Vormedalen og gjekk under tilnamnet «Baronen». Ei soge om Børge og kona, skreve av Johannes Arneson, er  gjengitt i Austlids lesebok og andre lesebøker. Den handlar om at stormod ikkje svarar seg på sikt.

Gåva til Røldal

Rovdyrplaga var stor for husdyrhaldet på denne tida. Ulven var frykta. I 1704 vart det samla inn pengar og gitt ei oblatøskje i sølv i gåve til Røldalskyrkja for at rovdyrplaga skulle ta slutt. Øskja hadde m.a. denne innskrifta: «Lad plagen halde op, vi derom bede dig, Bevare fæ og faar, driv dem fraa ulvekrig.» Øskja er framleis å finna i Røldalskyrkja saman med ei tavle som vart gitt frå Hjelmeland i 1777, som takk for at ulven vart borte. Hendinga vart i 2004 markert med jubileumstur til Røldal, eit samarbeid mellom ulike lag i Hjelmeland og soknerådet.

Husmannsplassen Haugen

Dei fleste husmannsplassane vart etablerte i andre halvdel av 1700talet og ut over 1800-talet, når folketalet tok til å veksa.  Ved inngangen til 1800 var der 130 husmannsplassar i Hjelmeland, femti år seinare over 300.

Husmannsplassen Haugen på Funningsland, som Hjelmeland kommune disponerer, er den einaste husmannsplassen i Hjelmeland som er att i si opphavlege form. I heftet «Husmannstid» utgitt av Hjelmeland kommune i 2003 kan ein les meir om denne staden og husmannstida. Aanen Holmen som budde her vart rekna som den siste husmannen i Noreg, han døydde i 1980.

Mordet på Øye

Ei fæl historisk hending skjedde på Øye i november 1718 då tenestegjenta Sissela Olsdotter vart funne myrda ved bakkekjelda. Sissela var gravid med sonen på garden, Torbjørn, og han vart mistenkt for mordet. Han stakk av og reiste truleg til Holland. Seinare vart han frikjend då ingen ting kunne provast og han likevel var borte. Saka er detaljert skildra i rettspapira frå mai 1720, då sorenskrivaren hadde saka oppe. Dette er gjengitt i Bygdesoga.

Enighedens Kobber verk på Hjelmeland

I juli 1764 fekk nokre bergenskjøpmenn privilegiebrev av kong Frederik 5 til drift av kopparverk i Ryfylke. Smeltehytta skulle liggja i Hjelmelandsvågen, og gardbrukarane i sentrum hadde protestert heftig. Striden ende til slutt opp i ein konkret avtale mellom kopparverket og  grunneigarane på Sæbø. Smeltehytta vart etablert, basert på malm frå Forsand. Sommaren 1766 var det 30 mann i arbeid i gruvene i Lastabotn ved utløpet av Lysefjorden, og 15-20 ved smeltehytta, til saman den desidert største arbeidsplassen i Ryfylke på den tida. Mange innvandrarar kom til Hjelmeland og Forsand på grunn av industrietableringa. Drifta vart diverre kortvarig.

Fram til smeltehytta vart det ført vatn til smeltehytta frå Steinslandsvatnet via ei lang trerenne. I Vågen står det enno eit hus som vert kalla Rennå. Truleg gjekk den store trerennå forbi dette huset. Rester av slagg er enno å finna.

Solensteen gjestgiveri i Vågen

På 1720talet starta den tyske offiseren Carl Vilhelm von Poyda Solensteen gjestgiveri i Vågen. Seinare overtok andre offiserar i det 1.ryfylkske kompani gjestgivarrolla. Gjestgiveriet låg like ved kyrkja, som låg der kommunehuset ligg i dag. I 1752 overtok lokale folk gjestgiveriprivilegiet, og dreiv i praksis tre mindre vertshus. Det var eit problem med drukkenskap, ikkje minst på søndagane då vertshusa hadde ope samstundes som det var messe i kyrkja. Fut Garmann omtalar i skriv til biskopen i 1762 dei tre vertshusa som «Satans Capeller» og bevitnet at «Sabbatens vanhelligelse er disse 3d øltapperes eeneste og beste næring». Han ynskte at gjestgiveriet skulle flyttast til Kvaløy i Fisterfjorden, for den låg midt i leia. På Kvaløy vart det faktisk også dreve gjestgiveri ein periode på 1700talet.  

Skrivargarden i Knutsvik

Frå 1722 til 1782 var garden Søra Knutsvik bustad for sorenskrivaren i Ryfylke. Den mest kjende sorenskrivaren på denne tida heitte Georg Daniel Barth. Han var gift to gonger og far til 20 born. Han var sorenskrivar i Karmsund og Ryfylke. Han dreiv i tillegg med utlån av pengar.  Barth var frå Kristiania, og hadde studert jus i København. Måleri av Barth og den andre kona Maria Catrine von Weybye er å finna i Stavanger museum. Maria vart enke 33 år gamal, då hadde ho født 12 born på 14 år. Maria budde på Skrivargarden i 44 år til. Ho gjekk under tilnamnet «Barthefrua».

Ryfylke kompani og ekserserplass på Sæbø

Også Hjelmeland måtte stilla med soldatar når det var fare for ufred. På 1600-talet var svenskene den vanlegaste fienden. Ryfylke kompani vart oppretta under treårskrigen 1657-60, fyrst med hovudstasjon på Jelsa. Sidan vart det to kompaniar. På Flådene på Sæbø vart det oppretta ekserserplass truleg så tidleg som rundt 1720. Hjelmeland fekk etter kvart ein etter måte sentral plass, med mange offiserar som budde i området. Dei fleste av desse var innflyttarar, og  mange hadde bakgrunn frå Danmark og Tyskland, som td bestefar til diktaren Sigbjørn Obstfelder (feltlege). Ekserserplassen vart seinare flytt til Etne og sist til Madla i Stavanger.

Klikk for stort bileteFrå vandring med Obstfelder i Magnar Riveland si skikkelse i Hjelmelandsvågen 18.9.2016 Terje Borgen