Info om Områdeplan Hjelmeland sentrumLytt til tekstenStopp avspillingMe skal gjennom vinteren og våren arbeide med eit utkast til reguleringsplan for Hjelmeland sentrum. Kort informasjon om planarbeidet: Kommunen har engasjert arkitektfirmaet KAP arkitekter v/ Henrik Lundberg. Det blei varsla oppstart av planarbeidet i november 2020, med frist for oppstartsmerknader 18. januar 2021 Takk til alle som har sendt inn synspunkt og meiningar til planarbeidet. Desse blir nå gjennomgått. Ein er nå inne i ein arbeidsperiode: KAP saman med avdeling plan og forvaltning utarbeider nå utkast til reguleringsplan. Planen skal bestå av eit plankart, føresegner og planskildring. Førebels er det kun utarbeidd skisser Det blei avhalde informasjonsmøte om planarbeidet på Teams 7. januar. Utover våren 2021 blir det gjort diverse utgreiingsarbeid og undersøkingar som grunnlag for planarbeidet, som mellom anna går på flaum, grunnforhold, stormflo, trafikk, natur med meir. I samband med grunnanalysa vil det i månadskifte februar/mars bli tatt grunnboringar på enkelte punkt i planområdet. Aktuelle grunneigarar skal vere varsla. Det har vore avhalde ein god del arbeidsmøter undervegs, til dømes med grunneigarar, interessegrupper, næringsdrivande, regionale myndigheiter og andre. Kan hende det blir fleire arbeidsmøter framover mot våren. Det er eit mål å ha klar eit planforslag til politisk behandling anten i siste møte før sommaren (16. juni) - eventuelt første møte etter sommaren (9. september). Etter at planforslaget er behandla politisk før eller etter sommaren, blir planen sendt ut til høyring. Då vil alle berørte parter bli varsla med brev. Planarbeidet er tufta på formannskapet si oppstartsak 80/20. Sjå alle dokument i saka.Har du spørsmål/kommentarar?Ta kontakt med:Arkitekt Henrik LundbergKAP- arkitekterE-post: hl@kap.no Rådgjevar arealplan, Hjelmeland kommuneSvanhild Hjorteland GbadaTlf. 404 39 127 eller e-post shg@hjelmeland.kommune.noPlan- og forvaltningssjef, Hjelmeland kommuneHaldis K. NilsenTlf. 414 39 120 eller e-post haldis.nilsen@hjelmeland.kommune.no Publisert08.02.2021 09.29 Sist endra16.02.2021 22.48