I budsjettvedtak for skatteåret 2018 er det gjort forlenga vedtak om generell eigedomsskatt for heile kommunen etter eigedomsskattelova § 3a. Alminnelig taksering var i 2008, ved innføring av eigedomsskatt i heile kommunen. Takstane er gjeldande i 10 år frå alminnelig taksering. Det er for 2018 vedtatt 5% auke på takstane som kontorjustering etter eigedomsskattelova § 8 A-4. Botnfrådrag er for 2018 auka til kr. 100.000 pr. godkjent boenhet for bustad eller fritidsbustad. Skattesatsane for 2018 er uendra, 2 promille for bustad- og fritidseigedomar og 7 promille for næringseigedomar/verk og bruk. Kontorjusterte takstar med 5% auke skal ikkje overstige gjeldande marknadsverdi for 2018.

Penger


Endringa gjeld frå  januar 2015. Strand kommune har overtatt alle skatteoppkrevjartenester.

Skatteytarar i Hjelmeland kommune må nå kontakte Strand kommune v/ skatteoppkrevjaren for alle spørsmål og innsending av dokumentasjon vedr. skatt. Endringa gjeld ikkje for eigedomsskatt.

 

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500