Presentasjon av ordførarenLytt til tekstenStopp avspillingAnita Husøy Riskedal er ordførar i Hjelmeland kommune og ho representerer Senterpartiet. Ho vil vera å treffa på kontoret når ho er ledig. Ho har kontor i kommunehuset på Hjelmeland. Bjørkhaug AS Anita Husøy Riskedal kjem opprinneleg frå Gjerdsvika i Sande kommune i Møre og Romsdal. Ho flytta til Årdal i 2003. Ho er gift med Alf Rune Riskedal og saman har dei to tenåringar. KontaktVil du vera heilt sikker på å treffa ho?Sjå ordføraren sin møteplanBestill møteTa kontakt med kundesenter, tlf. 51 75 00 00Ta kontakt med ordføraren på førehand, tlf. 404 39 009VervHo har vore med i kommunestyret i snart to periodar; 2015-2019 og 2019 til dags dato. Begge periodar som medlem i formannskapet, og varaordførar frå 2019.I tillegg har ho hatt ei rekke tillitsverv i offentlege utval/styre og frivillige organisasjonar.Har vore fungerande ordførar frå desember 2021, og vart vald som ny ordførar av kommunestyret 2. november 2022. Ho vart attvald som ordførar ved kommunestyrevalet i 2023.YrkeserfaringUtdanna sosionom ved Universitetet i Stavanger.Har tidlegare jobba som sosionom på Motland skule i Hå kommune. Etter at ho flytta hit har ho jobba i ulike einingar i kommunenHjelmeland omsorgssenterFlyktningkontoretSosial- og barnevernskontoretNAVBustadkontoretog i tillegg hadde ho ei kortare periode i ei deltidsstilling som prostesekretær på kyrkjekontoret. Publisert 06.08.2019 11.58 Sist endra 28.07.2025 12.42