Foreldrebetaling barnehage

Barnehage er gratis for alle barn med folkeregisteradresse i Hjelmeland kommune.

Dei som ikkje bur i kommunen må betale statleg makspris på 700 kroner pr. månad for barnehageplass. I tillegg kjem kostnad på mat på 345 kroner i månaden. 

Prisane gjeld frå 1. august 2025.

Redusert foreldrebetaling

Denne ordninga gjeld for dei som ikkje har folkeregistrert adresse i kommunen. 

Kven har rett på redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid? 

Barn busett i kommunen har gratis barnehage. Denne ordninga gjeld barn busett utanfor kommunen.

Det er to moderasjonsordningar knytt til betaling av barnehageplass for foreldre/hushald med låg inntekt: 

  1. Ingen familie/hushald skal betala meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. 
  2. Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar
    1. Barn i denne aldersgruppa, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke.

Les om ordninga og inntektsgrenser på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Søk om reduksjon

Fyll ut elektronisk søknadsskjema for å søke om reduksjon i foreldrebetalinga

Frist for levering av søknad er 1. juni, for handsaming til neste barnehageår.

Dersom inntekta endrar seg, eller barnet startar i barnehagen i midten av året, kan ein søka fortløpande.

Du treng ikkje å søka kvart år. Me innhentar opplysningar om inntekt kvart år. 

Opplysningar om inntekt

Kommunen har tilgang til dykkar siste skatteoppgjer.

Dersom inntekta dykkar ikkje stemmer overeins med skattemeldinga, eller om skatteoppgjer manglar, så må de levera anna dokumentasjon på inntekt (t.d. lønnsslipp frå siste månad).

Søskenmoderasjon

Dersom du har meir enn eit barn i barnehagen samstundes, får du reduksjon i betalinga frå barn nummer to.