Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til deg som er avhengig av hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, alder, nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne eller andre årsaker.

Heimehjelpa kan hjelpa deg med:

  • praktiske oppgåver som reingjering, oppvask, tilberedning av mat eller andre aktivitetar
  • nye løysningar, rettleiing og opplæring slik at du klarar meir sjølv i forhold til reinhald av heimen din

Forventingar me har til deg som brukar

  • Gje beskjed dersom du ikkje er heime til avtalt tid
  • Sørg for framkomelegheit til bustaden
  • Hald husdyr i anna rom eller i band ute - det er venta at du sjølv gjer reint etter husdyret
  • Ikkje røyke når personalet er til stades
  • Gi beskjed om endring i helsetilstand og eventuelt hjelpebehov
  • Legge til rette for gode arbeidsforhold og installering av tekniske hjelpemiddel
  • Nødvendige hushaldingsartiklar og utstyr må være tilgjengeleg
  • Flytande handsåpe og tørkerull må være tilgjengeleg for personalet
  • Oppgåver du sjølv kan utføre inngår ikkje i tenesta
  • Du er tilstades i bustaden når heimehjelp blir gitt
  • Du gir tilbakemelding til einingsleiar dersom du ikkje er nøgd med tenesta

Søk om heimehjelp

Du kan søke om heimehjelp via elektronisk søknadsskjema.

Vil du heller søke på papirskjema? 

Skriv ut papirskjemaet.

I søknadsskjemaet beskriv du dine behov for hjelp. Me vurderer helsetilstanden din og finn det tilbodet som passar best for deg. 

Skjemaet må sendast, eller leverast, til:
Hjelmeland omsorgssenter
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland

Pris for heimehjelp

Betaling for heimehjelp (kr. pr. time)

Betaling for heimehjelp (kr. pr. time)
Netto inntektGebyr i kr.
Inntil 2G105
2G-3G144
3G-4G230
4G-5G293
5G og over350

Betaling for heimehjelp (maks kr. pr. mnd)

Betaling for heimehjelp (maks kr. pr. mnd)
Netto inntektGebyr i kr.
Inntil 2G - makspris240
2G - 3G1 128
3G - 4G1 825
4G - 5G2 640
5G og over3 290

Klage på vedtak

For å klage på vedtak om heimehjelp tek du kontakt med einingsleiar ved Hjelmeland omsorgssenter.

Vilkår for tildeling av heimehjelp. (PDF, 218 kB)