På Hjelmeland har omsorgssenteret
- Kortids- og rehabiliteringsavdeling
- Dagsenter
- Omsorgsbustader
- Kjøkken
- Kontor for omsorgstenester
Toril Berge
Kortids- og rehabiliteringsavdeling
Denne avdelinga består av 10 rom, som nyttast til rehabilitering, lindring, øyblikkelig hjelp, avlastning og andre korttidsopphald.
Fysioterapeut og ergoterapeut er tilknytta avdelinga.
Dagsenter
Tilbodet er fortrinnsvis for heimebuande personar med demens, som ønsker å delta i aktivitet og sosiale treff. Dersom det er ledig kapasitet kan andre heimebuande personar tildelast tidsbegrensa plass.
Vilkår for tildeling av dagsenter. (PDF, 97 kB)
Tilbodet er på Hjelmeland omsorgssenter desse dagane:
- Tysdag klokka 09:00-14:00
- Onsdag klokka 10:00-14:00 (turgruppe)
- Torsdag klokka 09:00-14:00
Brukarar som ønsker å bruke tilbodet, blir henta og kjørt heim att. Tenesta blir gitt med vêrførehald og det er ein eigenbetalingsandel.
- Høgtlesing
- Bowling
- Hjernetrim
- Bakeaktivitet
- Trim
- Tur ut i frisk luft
- Hagearbeid
- Handarbeid
Du kan klage på vedtak om dagsenter ved å ta kontakt med einingsleiar ved Hjelmeland omsorgssenter.
Kjøkken
Kjøkkenet på Hjelmeland lagar mat til dei som bur ved omsorgsentra. Kjøkkenet kan i tillegg levere middag til deg som bur heime.
Les meir om matlevering og kjøkken.
Søk om plass
Du kan søke på vegne av deg sjølv eller på vegne av andre.
Søk om helse- og omsorgstenester.
Kontaktinformasjon
Du når oss på telefon 51 75 90 00
Vil du koma på besøk?
Du kan koma på besøk når du vil, men utgangsdøra blir låst om kvelden og du må da ringe på.
Besøksadressa vår er Prestagarden 46, 4130 Hjelmeland.