Me har vår eigen politikontakt som er tilgjengeleg ein dag i veka. Politikontakten har eige kontor på kommunehuset, men er ofte rundt i dei ulike einingane.
Etter nedlegging av Hjelmeland lensmannskontor, har innbyggarane i kommunen nå fått sitt nye kontor på Jørpeland. Sjølv om fleire nå må kontakta kontoret på Jørpeland direkte (til dømes melde frå om tjuveri, eller våpensøknadar), vil det likevel være høve til å drøfta ulike saker og problemstillingar med politikontakten på Hjelmeland.
Kontortid
Politikontakta har ingen fast dag i veka, men det utarbeidast fortløpande ei oversikt over oppmøte som distribuerast til dei respektive einingane ved jamne mellomrom. I tillegg til politikontakten si kontortid, har politiet operativt uniformert mannskap som jamleg patruljerar kommunen med spesielt fokus på førebyggjande arbeid.
Politikontaktens hovudoppgåver
- Syte for oppfølgjing av kriminalitetsførebyggjande strategi og politiet si rolle i kommunen.
- Vere pådrivar for at politiråd og SLT-samarbeid fungerer i kommunen.
- Vere eit av de viktigaste kontaktpunktane mellom politiet, befolkninga og de ulike aktørane i kommunen.
- Gi råd om og følgje opp rett bruk av kriminalitetsførebyggjande metodar og tiltak.
- Vere eit supplement til det øvrige kriminalitetsførebyggjande arbeidet i kommunen.
Kontaktinformasjon
Du kan ta kontakt med politiet på telefon 02800 for å avtale tid.
Om du er i naud må du ringe 112.
Publisert 16.05.2019 14.28
Sist endra 15.10.2025 13.47