Gapahukar

Ja, kor mange gapahukar har me eigentleg i Hjelmeland? Me veit om ein del og me har laga ei lita oversikt til deg. 

Årdal

Kart som viser gapahukane i Årdal - Klikk for stort bilete

Riskedalsvatnet

Ved Riskedalsvatnet i Årdal er det faktisk to gapahukar. Ein ved fotballbanen og ein langs Prestavegen. Her er det moglegheit for å bruke bålpanne for å varme seg sjølv og maten. 

Eventyrskogen

Her kan du kappeta med trollet, eller nytta deg av dei andre gapahukane. Kanskje har du fått med deg dei nyaste attraksjonen i Eventyrskogen også? 

Kveldsturhytta

Hytta ligg rett ovanfor Eventyrskogen. Her er det nydeleg utsikt over bygda Årdal og du kan til og med overnatte i hengekøye om du vil. Bålpanne er det også om du vil laga deg noko godt å spise før du legg deg.

Hjelmeland

Kart som viser gapahukane på Hjelmeland - Klikk for stort bilete

Klungen, Hjelmeland skule

Kva med ein rusletur til Ramsbu, så vidare rundt Klungen med ein pause i gapahuken i skogen til skulen? Her er det laga bålplass, men ta med eigen ved om du vil fyra i. 

Scenen ved Hjelmelandsåna

Dette er vel strengt tatt ikkje ein gapahuk, men det er i alle fall tak over hovudet om du er på ein rusletur i sentrum. Her er også stikkontaktar slik at du kan lade telefonen din om det trengs.

Hjelmen

Som ser ut som ein hjelm frå sjøsida - og har gitt namn til kommunen vår. Flott tur som både små og store fint klarar å gå. Her kan du også sjå skulpturen "Northern Winds" av Santos Cavahrlo, som står ved gapahuken. Går du heilt til topps kan du skrive namna dykkar i turboka.

Bjødnabu

Kart som viser gapahuken på Bjødabu - Klikk for stort bilete

Veldig flott å bruke både til fots og med ski på beina når det er snø. Det er fullt mogleg å gå tur i skiløypa eller rundt Furevatnet for så å nyta ein pause i gapahuken. Her er bålpanne og ei lita reile i treet. Om vinteren er det flott å ake i den bratte bakken ved sida av, eller øve seg litt på ski. Dersom du går i skiløypa er det mogleg å ta med seg ei barnevogn. Det er ikkje lov å køyre bort. 

Ritlandskrateret

Kart som viser kor gapahuken ved Ritlandskrateret er  - Klikk for stort bilete

Turen startar på Kleivaland i Vormedalen. Turen er ei rundløype der målet er gapahuken som har utsyn over det spesielle meteorittkrateret på Ritland. Her er også informasjonsskilt som fortel meir om krateret. Turen går for det meste i lett terreng og på godt underlag. Rundløypa er om lag 6-7 km lang og du må rekne ca. 1 time kvar veg.

Fister

Fister skule

Ta med deg litt ved og ta med deg barn eller barnebarn til Fister skule for leik og moro! Her er det leikeapparat, fotballbane, zippline, klatretårn og mykje anna kjekt! Ta med eigen ved om du vil fyra i.

Einars kvile

Her er det bålplass, bord og benker. Turen kan du gå med utgangspunkt i stemmen på Fister. Her kan du velje fleire vegar til målet; rundt Litlavatn eller langs Hetlandsvatnet. Turen er lett og passar for barn.

Dagsturhytta Fisterbu

Luksusgapahuken. Men det er i alle fall ein plass å søka ly for vind eller regn. Her er det bøker, tøflar og ein ovn til å fyre i. Det er også ei gjestebok som du kan skrive eller teikne ei helsing i. Pass på deg sjølv og eventuelle små du har med deg opp her - det er bratt utanfor kanten av Fisterfjellet. 

Les meir om Fisterbu.

Jøsneset

Kart som viser kor gapahuken er på Jøsneset - Klikk for stort bilete

Fosstemmen

Hjarta i turriket på Jøsneset. Fosstemmen har gapahuken "Kalvagaren" og her er det bålpanne, bord/benker, ved og to kanoar ved namn Kalven og Kvigå som kan brukast på vatnet. Om du skal bruka kanoane må du ha med redningsvest.