På skulen tilegna elevane seg viten om materialegenskapar og verktøylære i kombinasjon med teoriundervisning. Hovudsakleg var det møbler, høvlbenkar o.l. til eige bruk dei laga på skulen. Mange unge menn hadde på det vis ein del møbler som skjenk, kroskåp, stolar, bord og seng når dei seinare stifta eigen heim.
Skulen kan sjåast som ein naturleg forlenging av jærstol og forskjellig trevirkeproduksjon som allereie hadde ein vital eksistens i området. Mykje av denne produksjonen føregjekk i heimane og i små verkstader, men etterkvart vart ambisiøse fabrikkbygg med rasjonell drift etablert.
Mange av elevane frå Arbeidsskulen fekk seinare arbeid på fabrikkane eller starta for seg sjølv som produsentar, og i fleire familiar er snekkeryrket ført vidare til nye generasjonar. Andre overtok gardar og fruktgardar kor snekkerkunnskapen kom vel med.
Epoken med handverkskule i Hjelmeland var av stor betydning for møbelproduksjonsmiljøet og var med å bygge opp ein felles identitet med design og møbeleksport som ein del av komponentane.
Mellomkrigstida var på mange måtar ei turbulent tid. Som konsekvens av 1. verdenskrig blei der store samfundsomveltningar og nye styreformer forskjellige stader i verden. Samstundes, i kombinasjon med store teknologiske framsteg og økonomisk kollaps, omkalfatrerte dette tankesett og dagleglivet for mange mennesker.
Men det var også ei tid prega av framtidshåp med krav om utdanning, betre økonomiske og sunnhetsmessige levevilkår i kombinasjon med auka innflytelse på eige liv og lagnad.
Ser ein på kunst og design frå denne periode, kan ein seie at 1. verdenskrig vaska tavla rein. Borte var snørklet og kompleks dekor, i høgsetet kom komfort og bruksnytte. Hovedstrøymingane innan design og møbelkunst hadde funksjonalitet som grunnfokus, men var heller ikkje heilt reinska for raffinert dekor.
Ein stifta kjenskap med begreper som futurisme og kubisme, art deco og funksjonalisme som var med til å brøyte vegen for modernismen som prega 50 og 60 talet, og som framleis sender dønningar innan arkitektur og design.
I utstillingen er der samla eit rikt utplukk av møbler og andre designelementer frå perioden skulen eksisterte. Samstundes er det ei undersøking av formrelaterte kvalitetar, materialbruk og spennvidde innan formgjeving og objektmangfold.
Møblene, som er mellom 70 og 95 år gamle, står som vitnesbyrd over korleis designet kom til å sjå ut her. Samanlikna med det som var framherskande i samtida, kan ein sjå at treskjeringskunsten stod sterk. Gjerne i kombinasjon med nye og heilt sjølvstendige modeleringar av form og materialbruk, men også møbler med designmessig spenst og heilt reine linjer.
Nils Viga Hausken, kurator
Jan Inge Haga
Høvelbenk laga av Olaus Kvame (1931-2020). Gjekk på Arbeidsskulen i midten av 1940 talet.
Jan Inge Haga
Alle elevar starta med å laga ein høvelbenk.
Jan Inge Haga
Stol laga av Magne Sæbø (1910-1994). Gjekk på Arbeidsskulen i siste halvdel av 1920 talet.
Jan Inge Haga
Stol laga av Lars Vadla (1893-1986). Gjekk på Arbeidsskulen omkring 1927-1928.
Jan Inge Haga
Stol laga av Hans Helgaland (1911-2010). Gjekk på Arbeidsskulen omkring 1930.
Jan Inge Haga
Stol laga av Olaus Hauge (1925-1996). Gjekk på Arbeidsskulen 1950-1951.
Jan Inge Haga
Stol laga av Kristen Hetlelid (1903-1989). Gjekk på Arbeidsskulen omkring 1930. Son til Johannes Hetlelid og arbeide som sløydlærar og innan trevareproduksjon.
Jan Inge Haga
Laga av Kåre Edvard Gundersen (1932-1998). Gjekk på Arbeidsskulen i slutten av 1940 talet.
Jan Inge Haga
Laga av Lars Jørmeland (1920-1998). Gjekk på Arbeidsskulen 1935-1936.
Jan Inge Haga
Stol laga av Erling Kvame (1910-1990). Gjekk på Arbeidsskulen på 1930 talet.
Jan Inge Haga
Stol laga av Theodor Breiland (1908-1990). Gjekk på Arbeidsskulen i slutten av 1920 talet.
Jan Inge Haga
Stol laga av Torger Helgeland (1925-2024). Gjekk på Arbeidsskulen på 1940 talet.
Jan Inge Haga
Stol laga av Georg Kleppa (1929-2011). Gjekk på Arbeidsskulen 1944-1945.
Jan Inge Haga
Stol laga av Theodor Breiland (1908-1990). Gjekk på Arbeidsskulen i slutten av 1920 talet.
Jan Inge Haga
Klappstol laga av Oskar Pundsnes (1900-1979). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929.
Jan Inge Haga
Kubbestol laga av Lars Kvame (f. 1948) i 1987.
Jan Inge Haga
Armstol laga av Olav Bog (1911-1942). Gjekk på Arbeidsskulen 1935-1936.
Jan Inge Haga
Armstol laga av Olav Fossane (1901-1980). Gjekk på Arbeidsskulen 1927-1928. Armstolen er ein del av eit sofamøblement.
Jan Inge Haga
Armstol laga av Lars Øvrabø (1911-1982). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929. Arbeidde som snekkar og dreiv møbelfabrikk saman med Magne Nessa som også hadde gått på Arbeidsskulen.
Jan Inge Haga
Stol laga til inntekt for Arbeidsskulen av Oskar Pundsnes (1900-1979). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929. Godtfred Gauthun vann stolen og ga den til Oskar Pundsnes si dotter, Palma Ommundsen, i seinare år.
Jan Inge Haga
Sofa laga av Olav Fossane (1901-1980). Gjekk på Arbeidsskulen 1927-1928.
Jan Inge Haga
Sofa laga av Oskar Pundsnes (1900-1979). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929.
Jan Inge Haga
Krakk laga av Oskar Pundsnes (1900-1979). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929.
Jan Inge Haga
Krakk laga av Erling Munthe (1905-1989). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929. Var seinare lærar på Arbeidsskulen og dreiv med treskjering og rosemaling heile livet.
Jan Inge Haga
Krakk laga av Arne hetlelid (f. 1970). Oldebarn av Johannes Hetlelid og barnebarn til jærstolfabrikant Arne Hetlelid. Fører familietradisjonen vidare med nytolkning av tre- og designtradisjon.
Jan Inge Haga
Krakkar laga av elevar ved Hjelmeland ungdomsskule. Har tradisjonsberande prosjekt kopr dei lagar jærstolkrakkar og lærer å leggje eit sete. Teknikken inngår i kommunevåpenet til Hjelmeland.
Jan Inge Haga
Røykebord laga av Lars Øvrabø (1911-1982). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929. Arbeidde som snekkar og dreiv møbelfabrikk saman med Magne Nessa som også hadde gått på Arbeidsskulen.
Jan Inge Haga
Salongbord laga avTorgeir Helgeland (1925-2024). Gjekk på Arbeidsskulen i midten av 1940 åra.
Jan Inge Haga
Sidebord laga av Torvald Helgaland (1913-2006). Gjekk på Arbeidsskulen omkring 1930.
Jan Inge Haga
Spisebord laga av Adolf Riskedal (1918-1992). Gjekk på Arbeidsskulen i 1937.
Jan Inge Haga
Endebord laga av Arne Hetlelid (f. 1970). Oldebarn av Johannes Hetlelid og barnebarn til jærstolfabrikant Arne Hetlelid. Fører familietradisjonen vidare med nytolkningar av tre- og designtradisjon.
Jan Inge Haga
Hjørneskåpet i eik, laga av Lars Vadla (1893-1986). Gjekk på arbeidsskulen i 1927-1928.
Jan Inge Haga
Hjørneskåp laga av Erling Munthe (1905-1989). Gjekk på Arbeidsskulen i 1928-1929. Var seinare lærar på Arbeidsskulen og dreiv med treskjering og rosemaling heile livet.
Jan Inge Haga
Hjørneskåper er laga av Adolf Riskedal (1918-1992). Gjekk på Arbeidsskulen i 1937.
Jan Inge Haga
Hjørneskåpet er laga av Sven Borgen (1918- XX). Gjekk på Arbeidsskulen i midten av 1900-talet. Seinare rosemalt av Olaf Riskedal.
Jan Inge Haga
Hjørneskap laga av . Gjekk på Arbeidsskulen .
Jan Inge Haga
Skjenk laga av Årstein Hauskevaag (1922-2012). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929.
Jan Inge Haga
Skjenk laga av Olav Ingvaldstad (1913-1982). Gjekk på Arbeidsskulen i byrjinga av 1930 talet.
Jan Inge Haga
Skjenk laga av Halvard Ramsfjell (1924-2010). Gjekk på Arbeidsskulen i midten av 1940 talet. Var seinare lærar på Arbeidsskulen innan han vidareutdanna seg til interiørarkitekt.
Jan Inge Haga
Jan Inge Haga
Laga av Oskar Pundsnes (1900-1979). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929.
Jan Inge Haga
Bokskåp laga av Knut Mjølhus (1910-1991). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929. Dreiv seinare snekkerverksemd i Spinneriet, innan han blei bonde.
Jan Inge Haga
Laga av Sverre Valheim (1927-2010). Gjekk på Arbeidsskulen i 1945.
Jan Inge Haga
Laga av Jon Olav Sigmundstad (f. 1933). Gjekk på Arbeidsskulen i 1948-1949.
Jan Inge Haga
Skrivebord laga av Kåre Edvard Gundersen (1932-1998). Gjekk på Arbeidsskulen på slutten av 1940 talet.
Jan Inge Haga
Detaljebilde av skrivebord.
Jan Inge Haga
Laga av Halvard Ramsfjell (1924-2010). Gjekk på Arbeidsskulen i midten av 1940 talet. Var seinare lærar på Arbeidsskulen innan han vidareutdanna seg til interiørarkitekt.
Jan Inge Haga
Spegel laga av Lars Øvrabø (1911-1982). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929. Arbeidde som snekkar og dreiv møbelfabrikk saman med Magne Nessa som også hadde gått på Arbeidsskulen.
Jan Inge Haga
Spegel laga av Erling Munthe (1905-1989). Gjekk på Arbeidsskulen i 1928-1929. Var seinare lærar på Arbeidsskulen og dreiv med treskjering og rosemaling heile livet.
Jan Inge Haga
Lysekrone laga av Erling Munthe (1905-1989). Gjekk på Arbeidsskulen i 1928-1929. Var seinare lærar på Arbeidsskulen og dreiv med treskjering og rosemaling heile livet.
Jan Inge Haga
Detaljar.
Jan Inge Haga
Skjenk laga av Halvard Ramsfjell (1924-2010). Gjekk på Arbeidsskulen i midten av 1940 talet. Var seinare lærar på Arbeidsskulen innan han vidareutdanna seg til interiørarkitekt.
Jan Inge Haga
Detaljer.
Jan Inge Haga
Bordlampe laga av Olav J. Kvame (1928-2001). Gjekk på Arbeidsskulen i slutten av 1940 åra.
Jan Inge Haga
Bordlampe laga av Jon Olav Sigmundstad (f. 1933). Gjekk på Arbeidsskulen i midten av 1940 åra.
Jan Inge Haga
Lampettar laga av Erling Munthe (1905-1989). Gjekk på Arbeidsskulen i 1928-1929. Var seinare lærar på Arbeidsskulen og dreiv med treskjering og rosemaling heile livet.
Jan Inge Haga
Lampettar laga av Kristen Jørmeland (1929-2007). Gjekk på Arbeidsskulen i 1945-1946. Dreiv snekkerverksemd i Spinneriet.
Jan Inge Haga
Dobbeltseng laga av Kåre Edvard Gundersen (1931-1998). Gjekk på Arbeidsskulen i slutten av 1940 talet.
Jan Inge Haga
Detaljar.
Jan Inge Haga
Boudoir laga av Lars Jørmeland (1920-1998). Gjekk på Arbeidsskulen i 1935.1936. Brukte snekkerkunnskapen gjennom heile livet og arrangerte mellom anna treskjerarkurs.
Jan Inge Haga
Seng for spedbarn. Understellet er laga av Aksel L. Hansson og Mikkel Hetlelid har fletta korga.
Korga har tilhøyrt familien Hansson og er frå 1951. Tilhøyrer i dag Hjelmeland bygdemuseum.
Jan Inge Haga
Skål med lokk laga av Jon Olav Sigmundstad (f. 1933). Gjekk på Arbeidsskulen i 1948-1949.
Jan Inge Haga
Detalj. Fra Jon Olav. Minne til Bestemor og tantene Vinteren 1948-49.
Jan Inge Haga
Skrin og krus laga av Halvard Ramsfjell (1924-2010). Gjekk på Arbeidsskulen i midten av 1940 talet. Var seinare lærar på Arbeidsskulen innan han vidareutdanna seg til interiørarkitekt.
Jan Inge Haga
Treskjering- og malingsmodellar til bruk i undervisninga på Arbeidsskulen. Frå Ånund Ramsfjell si samling av undervisningsmateriell, gitt som gåve til Synnøve Skjong i 1963.
Jan Inge Haga
Utskåre skrin, nøkkelhaldar og skjei laga av Lars Jørmeland (1920-1998). Gjekk på Arbeidsskulen i 1935.1936. Brukte snekkerkunnskapen gjennom heile livet og arrangerte mellom anna treskjerarkurs.
Jan Inge Haga
Skrin og nøkkelhaldar laga som barn av Leif Harald Jørmeland (f. 1983). Bestefaren var den store helten og Leif Harald ville lage like fine saker som Lars Jørmeland.
Jan Inge Haga
Skrin laga av Sven Borgen (1918-2002). Gjekk på Arbeidsskulen i 1938. Sven Borgen nytta kunnskapen heile livet og laga dette i senare år.
Jan Inge Haga
Brev detalj.
Jan Inge Haga
Riksvåpen laga av Erling Munthe (1905-1989). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929. Var lærar på Arbeidsskulen og dreiv med treskjæring heile livet.
Jan Inge Haga
Klokke laga av Sven Borgen (1918-2002). Gjekk på Arbeidsskulen i 1938. Sven Borgen nytta kunnskapen heile livet og laga dette i senare år.
Jan Inge Haga
Geit laga av Ånund Ramsfjell (1892-1970). Leiar av Arbeidsskulen 1926-1951. Flytte frå Hjelmeland tidleg 1960 talet.
Jan Inge Haga
Manglebrett laga av Sven Borgen (1918-2002). Gjekk på Arbeidsskulen i 1938. Sven Borgen nytta kunnskapen heile livet og laga dette i senare år.
Jan Inge Haga
Knivar laga av elevar ved Hjelmeland ungdomsskule som har tradisjonsberande prosjekt. Dei lærar å lage knivar kor dei stiftar kjennskap med forskjellige typar handverk.
Jan Inge Haga
Slips laga av Arne Hetlelid (f. 1970). Oldebarn av Johannes Hetlelid og barnebarn til jærstolfabrikant Arne Hetlelid. Fører familietradisjonen vidare med nytolkningar av tre- og designtradisjon.
Jan Inge Haga
Barski frå 2019 laga av Leif Harald Jørmeland (f. 1983), tradisjonshandverkar. Farfaren Lars Jørmeland og brødrene hans, Olav og Kristen, gjekk alle på Arbeidsskulen.
Jan Inge Haga
Øyreklokkehengar laga av Arne Hetlelid (f. 1970). Oldebarn av Johannes Hetlelid og barnebarn til jærstolfabrikant Arne Hetlelid. Fører familietradisjonen vidare med nytolkningar av tre- og designtradisjon.
Jan Inge Haga
Relieff laga av Ånund Ramsfjell (1892-1970). Leiar av Arbeidsskulen 1926-1951. Flytte frå Hjelmeland tidleg 1960 talet.
Jan Inge Haga
Byllupsbilete av ekteparet Øvrabø. Laga av Lars Øvrabø (1911-1982). Gjekk på Arbeidsskulen 1928-1929. Arbeidde som snekkar og dreiv møbelfabrikk saman med Magne Nessa som også hadde gått på Arbeidsskulen.
Jan Inge Haga
Detalj. Anno den 8/3 1933.
Jan Inge Haga