Kommuneplanar under arbeid
Det pågår planarbeid med “Hjelmeland 2037” i fokus. Planane handlar om korleis me vil at framtida vår skal bli i Hjelmeland i åra framover. Klikk deg inn på boksane over så får du litt innblikk i den enkelte plan.
Det handlar om næringsutvikling, frivilligarbeid, tenestetilbod, barn-og unge, naturverdiar, bu-og rekreasjonsmiljø osv.
Pågåande planarbeid:
Planstrategi og planprogram
Pågåande og framtidig planarbeid er tufta på kommunestyrevedtak 62/24
Planstrategi og planprogram for revisjon av kommuneplanen.
Planstrategien gir mellom anna ein oversikt over kva planar som skal lagast framover, og når.
Planprogram er ei “kokebok” for den enkelte plan, kva me skal vektlegge og korleis planprosessen skal foregå.
Den såkalla “innsatstrappa” blir òg ein viktig del av prosessane framover. Det handlar om korleis me skal rigge samfunnet vårt for ein stadig aukande andel eldre i befolkninga.
Utsikt over Ombofjorden frå Åsland
Svanhild Hjorteland Gbada
Publisert 04.10.2024 10.29
Sist endra 05.06.2025 15.12