Kommuneplanen sin arealdel

Me er no i gang med arbeidet med arealdelen.

Kva type plan er dette ?

Kommuneplanens arealdel forbind du gjerne med fargar og skravur på eit kart.  Fargane avgjer kor og kva som kan byggast, og kva som skal vernast. Planen er ein grov oversiktsplan for alt areal i Hjelmeland, både land og sjø.  

Den viser mellom anna 

  • kor bustad-og hyttebygging skal skje
  • kor landbruk skal prioriterast
  • kor oppdrett i sjø eller uttak av byggeråstoff skal skje
  • kor me skal prioritere friluftsliv eller naturverdiar

Saman med fargane på plankartet er det eit sett med føresegner som forklarar korleis dei ulike områda skal utviklast og forvaltast. 

Kommuneplanen sin arealdel er juridisk bindande for arealbruken, og plan- og bygningslova gir føringar for korleis ein slik plan skal lagast.

Innkomne innspel

Kva byggjer planarbeidet på? 

Planen er eit viktig verkemiddel for å nå måla som kommunestyret har sett for lokalsamfunnsutviklinga vår, og er ein plan som alle kommunar skal ha. Planarbeidet bygger vidare på tidlegare politiske vedtak:

  •  Planstrategi og planprogram for kommuneplanen.  vedtatt av kommunestyret i september 2024. Fortel kva planar som skal utarbeidast og når, og planprogrammet er som er ein slags  “plan for planen” 
  •  Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2037 vedtatt av kommunestyret juni 2025. Inneheld mål og satsingsområde for samfunnsutviklinga
  •  Arealstrategi, er kap 5 i Samfunnsdelen, og er den “raude tråden”  mellom samfunndelen og arealdelen, og er eit sett med overordna føringar for det vidare arbeidet med arealdelen. Dette vil bli brukt når innspel til arealdelen skal vurderast.
  • Formannskapsvedtak 102/25, 27.08.25: gir ein korrigert oversikt over organisering av planarbeidet,  framdrift og kunnskapsgrunnlag

Samordning med andre planar:

Gjeldande arealdel vedtatt 2019

Me startar heldigvis ikkje planarbeidet med blanke ark.  
Gjeldande plankart 

Gjeldande føresegner/retningslinjer
Du finn den òg på arealplaner.no

Kontaktkort

Haldis Karine Nilsen
Plan og forvaltningssjef
E-post
Telefon 40 43 91 20
Svanhild Hjorteland Gbada
Rådgjevar Arealplan
E-post
Telefon 40 43 91 27
Torborg Kleppa
Rådgjevar næring og landbruk
E-post
Telefon 40 43 91 23