Kommunedelplan - naturmangfald

“Hjelmeland naturlegvis” er vår visjon. Den spelar mellom anna på at Hjelmeland er rik på natur og at fleire av våre næringar er tufta på naturlege ressursar. Men veit me nok om naturmangfaldet i kommunen vår?

Naturmangfald handlar om både biologisk, landskapsmessig og geologisk mangfald på land og i sjø. Eit kjempestort tema med andre ord.

Kvifor ein plan for naturmangfald? 

Hovudmålsetjinga er å få auka kunnskap og merksemd om naturen, og slik sikra ei framtidsretta og berekraftig forvaltning av naturmangfaldet i Hjelmeland kommune.
Den skal gi nokre svar på kva me har og kva me skal prioritere å kartlegge framover - og den skal gi føringar for korleis me skal forhalde oss til naturverdiane i samfunnsutviklinga framover.

Forslag til plan på høyring  

Kommunestyret har vedtatt eit planforslag som nå er ute på høyring:

Høyringsfrist

Frist for å sende inn merknader og innspel til planforslaget er 26. september 2025

Slik sender du uttale

Me tek sikte på endeleg behandling i kommunestyret ila hausten 25.

Andre planprosessar som handlar om Hjelmeland si framtid 

Svanhild Hjorteland Gbada


  

Kontaktkort

Torborg Kleppa
Rådgjevar næring og landbruk
E-post
Telefon 40 43 91 23