Utval: | Areal- og forvaltningsutvalet |
---|---|
Dato: | 24.11.2021 13.00 - 17.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Vedtak er påført møtet |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Rådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke.
Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Rådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke.
Referat- og drøftingssaker tas til etterretning.
Rådmannen orienterte om møteplan for 2022 som blir vedteken av kommunestyret i desember. Forslag til datoar for AFU: 9/2, 24/3 (torsdag), 27/4, 2/6(torsdag), 14/9, 19/10, 17/11, 7/12.
Samrøystes vedteke
Fullmaktssaker tas til etterretning.
Rådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke
Plan- og bygningslova:
Det blir gitt dispensasjon frå LNF-føremålet for oppretting av bustadeigedom på Gnr 30 bnr 2 i Hjelmeland som omsøkt. Arealet som blir frådelt er lite, og driftsulempene vil truleg ikkje bli så store at landbruksinteressene blir vesentleg tilsidesett.
Frådelinga legg til rette for auka busetting, og dette er ein fordel som er så stor at den veg opp for mindre driftsulemper, jf. § 19-2 i plan- og bygningslova.
Det blir også gitt dispensasjon frå LNF-føremålet for frådeling av eit mindre areal frå på Gnr 30 bnr 2 som tilleggsareal til Gnr 30 bnr 19.Tilleggsarealet vil føra til ei betre arrondering mellom bustadtomtene, og driftsulempene for landbruket vil ikkje blir vesentlege, jf. § 19-2 i plan- og bygningslova.
Det blir gitt løyve til oppretting av bustadeigedom på Gnr 30 bnr 2, og frådeling av ein parsell som tilleggsareal til Gnr 30 bnr 19, slik det er søkt om, jf. §§ 20- 1 m og 20-4 og 26 – 1 i plan- og bygningslova.
Jordlova:
Det blir gitt løyve til å omdisponera 1 dekar innmarksbeite til bustadføremål, på Gnr 30 bnr 2 på Hauga, slik det er søkt om. Omsynet til busettinga i området veg opp for dei uheldige konsekvensane i forhold til jordvern og driftsulemper for landbruket, jf. § 9 i jordlova.
Oppretting av bustadeigedom frå Gnr 30 bnr 2 blir godkjent som omsøkt, jf. § 12 i jordlova. Behovet for auka busetting i området talar for at det kan gis løyve til deling.
Frådeling av ein parsell som tilleggsareal til Gnr 30 bnr 19 blir også godkjent, då dette legg til rette for ei god arrondering, og ikkje er til hinder for gode driftsforhold i landbruket.
Rådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke.
Hjelmeland kommune avslår søknad etter pbl §19- 2 om dispensasjon for oppføring av brygge på ovanemnde eigedom. Ein kan ikkje sjå at det føreligg grunnar som tilseier at ein skal dispensere frå pbl §1-8 og føremål i kommuneplanen.
Rådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke.
Det vart ikkje gjort vedtak i saka.
Saka vart behandla i lukka møte med heimel i kommunelova § 31 nr. 4 og 5.
I møtet gav nemnda og administrasjonen kvarandre tilbakemeldingar på korleis dei har opplevd samarbeidet i perioden.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Leiar | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Morten Hetland | Miljøpartiet Dei Grøne | Nestleiar | morten.hetland@hjelmeland.kommune.no |
Iren Urdal | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.urdal@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Per Mæhle | Høgre | Medlem | per.maehle@hjelmeland.kommune.no |
Ståle Halsne | Kristelig Folkeparti | Medlem | stale.halsne@hjelmeland.kommune.no |
Berit Søvik Østerhus | Senterpartiet | Medlem | berit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no |
Tårn Sigve Schmidt | Senterpartiet | Medlem | tarn.sigve.schmidt@hjelmeland.kommune.no |
Jone Hagalid | Sosialistisk Venstreparti | Varamedlem | jone.hagalid@hjelmeland.kommune.no |
Arthur Fjeldheim Egeland (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | arthur.fjeldheim.egeland@hjelmeland.kommune.no |