Utval: | Kommunestyret |
---|---|
Dato: | 22.02.2023 14.00 - 18.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Sak 16/23 - Munthe vil stille spørsmål om habilitet, og om gruppemøte i forkant. Sak 16 vert behandla etter sak 5 om interpellasjon
Røysting:
Samrøystes vedteke
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vart tatt til orientering.
Orientering frå ordførar:
Egeland, SP:
Hetland, MDG:
Munthe, H:
Hauge, AP:
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert tatt til orientering
Rådmannen orienterte:
Halsne, KrF: Etterlyser oversikt over læreverka i kommunen, som vart bedt om i førre møte.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune rettar ein førespurnad til Klima- og miljødepartementet om følgjande:
Hjelmeland kommune skal ta sin del av ansvaret for å oppfylla Parisavtalen. Per i dag veit me ikkje kva vår del er, og ber departementet gjera greie for følgjande:
– Kan departementet avklara kva klimagassutslepp som må reknast som kommunale og kva for nokre av dei som må reknast som nasjonale, for å avklara kva kommunane har ansvar for?
– Skal det vera ei flat fordeling av kutt i klimagassutslepp slik at alle kommunar skal ned 55 prosent innan 2030, eller skal regjeringa leggja føringar for kva faktorar som tilseier eit anna prosenttal i kvar enkelt kommune?
– Kan departementet avklara om kommunane skal følgja nokon prioriteringar for kvar utsleppskutta bør skje?
– Kan departementet avklara om delar av dette ansvaret ligg på fylkesnivå og dermed må bestemmast på fylkesnivå?
Hjelmeland kommune ynskjer ei avklaring på desse spørsmåla, for å kunna vurdera om me er på rett veg i dette arbeidet, og for å visa vår støtte til regjeringa i det vanskelege arbeidet som ligg framfor oss i å oppfylla forpliktingane våre i Parisavtalen.
Røysting:
Forslag frå Hetland, MDG: Samrøystes vedteke
Saka vert tatt til orientering.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Punkt 6 i retningslinjene for Seniortaxi blir endra. Nytt punkt 6 blir slik:
Røysting:
Framlegg frå formannskapet: Samrøystes vedteke
Låneopptak til investeringar i 2023 blir kr 26 mill
Låneopptak til startlån i 2023 blir kr 5 mill
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune auker investeringsstøtta til kyrkja med kr 800 000 i 2023
Dette må sjåast i samanheng med sake “Presisering låneopptak 2023”, då dette vil utgjera eit auka låneopptak med kr 800 000
Røysting:
Framlegg frå formannskapet: Samrøystes vedteke
Forslag til planprogram for kommunedelplan for grus, sand, naturstein og deponi vert sendt på høyring. Det vert starta arbeid med førebuing av sjølve planprosessen innafor dei budsjettressurser som er stilt til rådvelde.
Endre namn på plan til: PLAN FOR BYGGERÅSTOFF OG DEPONI
Røysting:
Tilleggsforslag frå Soppeland, U: Vedtatt mot 5 stemmer
Framlegg frå formannskapet: Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune tek ikkje motsegnene til innregulering av naust/platting/brygge på 59/27 i Områdeplan R179 Hjelmeland sentrum til etterretning.
Hjelmeland kommunestyre opprettheld vedtak i sak 54/22, «På eigedom 59/27 kan det bygges naust og brygge kan utbetrast og mindre utviding kan tillatast.»
Saka sendast til vidare drøfting/mekling.
Røysting:
Framlegg frå rådmannen: Falt
Forslag frå Munthe, H: Vedtatt med 11 mot 8 stemmer
Hjelmeland kommune syner til høyringsutkast for reguleringsplan R178 Breivik hyttefelt.
Planen vert godkjend med følgjande endringar:
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune godkjenner R187 Detaljreguleringsplan Kvaløy med følgjande endringar ift høyringsutkastet:
I plankart :
slik vist i skisse i saksframlegg:
1. LNF-underformål landbruk blir i heile planområdet endra til LNF-underformål vern av kulturmiljø med endring i førsegna 3.1.2
2. Dei skraverte områda med potensiale for kulturminnefunn blir justert ift skisse frå fylkeskommunen, og lagt inn som «bestemmelesområde» med eiga ny føresegn som sikrar mot fysiske inngrep.
3. Brygga i vest blir redusert og flytte nærare inn mot land, jf skisse i sakframlegg.
4. Dei to hyttene blir flytta nordover i nærleiken av eksiterande hytter jf skisse i saksframlegg. Administrasjonen får fullmakt til mindre tilpassingar/detaljavklaringar ift tomtegrenser, byggegrenser og føresegner for kotehøgdar slik at Statsforvaltaren sitt vilkår blir imøtekome.
I føresegner: slik framgår av saksframlegg og vist i vedlegg: Føresegner Kvaløy_inkluderte endringar til 2.gongsbehandling.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland formannskap vedtek vedlagt strategi. Strategien skal følgast opp med årlege handlingsplanar. Den første handlingsplana skal leggast fram for formannskapet innan utgangen av august. Vidare skal skal kommunestyret handsama nye handlingsplaner i samband med budsjetthandsaminga. Handlingsplan bør prioriterast høgt, og det blir bedt om at planen kan leggjast fram til politisk handsaming før sommaren 2023.
Rådmannen kan auke kapasitet og komptanse i dette arbeidet tilsvarande 100% prosjektstilling inn til to år.
Endring av overskrift pkt. 7. Det må vere eit mål at me har nok aldersvenlege bustadar i kommunen.
I Hjelmeland kommune sitt finansreglement har me ein fordelingsnøkkel der utbyggar får tilbake 60 % av mva i utbyggingsprosjekt (60-40). I fleire kommunar er prosentsatsen 90, og vi ser det difor som naturleg at vi endrar vår sats i finansreglementet i samsvar med dette. Fordelingsnøkkelen for refusjon av mva ved utbyggingsprosjekt vert difor sett til 90-10.
Rådmann kan allereie no starte diskusjon med utbyggarane, sak for sak. Konkrete saker vert lagt fram for formannskapet til endelig avgjerd. Dette for vinne tid fram til handlingsplanar er på plass.
Rådmannen viser til framlegg frå formannskapet og peikar på at pga graden av hastverk med å kome i gang i denne saka tilseier at den vedtekne 50% stillinga vert auka til 100% stilling. (Konsulent-, eller prosjektstilling). Finansierast frå næringsfondet.
Røysting:
Framlegg frå formannskapet med vedtekne endringar: Samrøystes vedteke
Tilleggsforslag frå Riskedal, SP og Skår, H: Samrøystes vedteke
Tilleggsforslag frå Skår, H: Vedtatt mot to stemmer (MDG, SV)
Endringsforslag frå Munthe, H: Vedtatt mot to stemmer (KrF, AP)
Elevane i Hjelmeland kommune får mininmum 40 timar symjeundervisning frå 1.-4. trinn, og minimum 30 timar symjeundervisning frå 5.-7. trinn. Timar ut over dette blir gitt der den enkelte skule ser at det er naudsynt for at elevane skal oppnå dei aktuelle kompetansemåla.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune godkjenner R182 Detaljreguleringsplan Puntsnes, inkl reviderte
tillegg/endringar i plankart og føresegner jf vedlegg, datert 20.02.23 kva gjeld vegtekniske løysingar,
rekkefølgjekrav massedisponeringsplan og reduksjon i salsflate bensinstasjon BV.
Grunngjeving for å ikkje imøtekome motsegnene er:
Munthe, H stilte spørsmål om sin habilitet. Ho vart samrøystes røysta ugild i saka og gjekk frå. Kjell Apeland, H stilte som vara.
Halsne, KrF:
Protokoll frå meklingsmøtet: Uttale til meklingsmøtet frå ordførar vedk. storleik og mogleg utviding av butikken er feil.
Røysting:
Forslag frå Halsne, KrF: Falt
Forslag frå Egeland, SP: Vedtatt med 17 mot 2 stemmer (Halsne. KrF og Sværen, SV)
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Anita Husøy Riskedal | Senterpartiet | Leiar | anita.husoy.riskedal@hjelmeland.kommune.no |
Harald Ommundsen | Senterpartiet | Nestleiar | harald.ommundsen@hjelmeland.kommune.no |
Iren Urdal | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.urdal@hjelmeland.kommune.no |
Gaute Hauge | Arbeiderpartiet | Medlem | gaute.hauge@hjelmeland.kommune.no |
Per Mæhle | Høgre | Medlem | per.maehle@hjelmeland.kommune.no |
Njål Skår | Høgre | Medlem | njal.skar@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Kolbjørn Pedersen | Høgre | Medlem | kolbjorn.pedersen@hjelmeland.kommune.no |
Ståle Halsne | Kristelig Folkeparti | Medlem | stale.halsne@hjelmeland.kommune.no |
Morten Hetland | Miljøpartiet Dei Grøne | Medlem | morten.hetland@hjelmeland.kommune.no |
Tårn Sigve Schmidt | Senterpartiet | Medlem | tarn.sigve.schmidt@hjelmeland.kommune.no |
Kristin Kostøl Helgaland | Senterpartiet | Medlem | kristin.k.helgaland@hjelmeland.kommune.no |
Berit Søvik Østerhus | Senterpartiet | Medlem | berit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no |
Arthur Fjeldheim Egeland | Senterpartiet | Medlem | arthur.fjeldheim.egeland@hjelmeland.kommune.no |
Arne Kleppa | Senterpartiet | Medlem | arne.kleppa@hjelmeland.kommune.no |
Endre Gjil | Senterpartiet | Medlem | endr-gj@online.no |
Lill Synnøve Laugaland | Senterpartiet | Medlem | lill.laugaland@hjelmeland.kommune.no |
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Medlem | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Johannes Soppeland | johannes.soppeland@hjelmeland.kommune.no |