Utval: | Formannskapet |
---|---|
Dato: | 19.09.2023 14.00 - 16.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune v/ordføraren gir uttale til høyring om krav til nullutslepp av klimagassar frå ferjer og hurtigbåtar.
Hjelmeland kommune v/ordføraren ynskjer å gje uttale til høyringa spesielt med tanke på Lysefjorden og tilbodet der. Ordføraren las opp forslag til uttale, som vart vedteken med nokre innspel til tillegg.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Det blir sett av 6 mill kroner til et bustadfond. Midlane blir tatt av disposisjonsfondet og skal nyttas til utvikling av bustadbygging.
Administrasjonen får mandat til å gjera avtaler med utbyggarar om utvikling av kommunale tomter.
Administrasjonen får fullmakt til å forhandle med private grunneigarar om erverv av grunn som har strategisk verdi, og å arbeida vidare i tråd med saksutgreiing.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Vedtatt endring som vert innarbeidt i planen:
Punkt i tabell : Melkebønder: Mål om at melkekvoter som ligger til gardsbruka i kommunen blir værende i kommunen - Virkemiddel: Info og samarbeid ansvar politisk.
Punkt i tabell: Rekruttering til næringa: unngå at gardsbruk blir bortforpakta over generasjoner/lengre tid - Virkemiddel: Politisk arbeid samarbeid
Punkt i tabell: Miljø: Spreiing av husdyrgjødsel etter spreiefrist, - Virkemiddel: Rådgjeving
Framlagd forslag til handlingsplan for landbruk med innarbeidte endringar vert lagt ut til høyring, med sikte på endeleg sluttbehandling i kommunestyremøtet i november. .
Røysting:
Tilleggsforslag frå Soppeland, H: Samrøystes vedteke
Opprinneleg forslag med vedteken endring: Samrøystes vedteke
Røysting:
Samrøystes vedteke
Røysting:
Samrøystes vedteke
Endringa av §4 pkt 1 blir vedteken slik det ligg føre.
Ryfylkefondet må utarbeida eit finansreglement som set etiske og finansielle rammer for investeringane.
Røysting:
Tilleggsforslag frå Sværen, SV: Samrøystes vedteke
Opprinneleg forslag med vedteken endring: Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune støttar Ryfylkemuseet sitt servicebygg i Vigatunet med 800.000 kroner.
Støtta blir lagd inn i budsjett for 2024.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Møteplan for politiske møte i Hjelmeland kommune 2024 vart vedtatt slik han ligg føre.
Røysting:
Samrøystes vedteke
I “Reglar for godgjersle av folkevalde” vert kapittel 2 b endra til fylgjande tekst:
" For alle møte i kommunale styre, råd, nemnder og utval, også møte i tidsavgrensa emneorienterte utval, skal utbetalast møtegodtgjersle pr møte med satsar som fastsett nedanfor, etter ein høgare eller lågare sats:
Høgare sats:
For deltaking i møte i kommunestyret, formannskapet, areal- og forvaltningsutvalet og kontrollutvalet: kr. 3 100,- pr. møte (gjeld alle møtande medlemmer og innkalla varamedlemmer)
Varamedlemer som møter i enkeltsaker/ deler av eit møte, får utbetalt møtegodtgjersle med kr. 250,-. Dei tilsette sine representantar i administrasjonsutvalet får utbetalt møtegodtgjersle kr. 820,- pr. møte.
Lågare sats:
Medlemer og møtande varamedlemer i alle andre styre, råd og utval som har rett til møtegodtgjersle. Medlemer: kr. 580,- pr. møte. Leiar: kr. 1 165,- pr. møte. Varamedlemer som møter i enkeltsaker/ deler av eit møte, får utbetalt møtegodtgjersle med kr. 250,-."
Tilleggspunkt under kapittel 2a:
- gruppeleiarar: 2 %
Røysting:
Tilleggsforslag frå MDG, SV og SP: Samrøystes vedteke
Opprinneleg forslag med vedteken endring: Samrøystes vedteke
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Anita Husøy Riskedal | Senterpartiet | Leiar | anita.husoy.riskedal@hjelmeland.kommune.no |
Gaute Hauge | Arbeiderpartiet | Medlem | gaute.hauge@hjelmeland.kommune.no |
Johannes Soppeland | Høgre | Medlem | johannes.soppeland@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Kristin Kostøl Helgaland | Senterpartiet | Medlem | kristin.k.helgaland@hjelmeland.kommune.no |
Lill Synnøve Laugaland | Senterpartiet | Medlem | lill.laugaland@hjelmeland.kommune.no |
Morten Hetland | Miljøpartiet Dei Grøne | Varamedlem | morten.hetland@hjelmeland.kommune.no |
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Varamedlem | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Harald Ommundsen (Ikke møtt) | Senterpartiet | Nestleiar | harald.ommundsen@hjelmeland.kommune.no |
Kolbjørn Pedersen (Ikke møtt) | Høgre | Medlem | kolbjorn.pedersen@hjelmeland.kommune.no |
Arne Kleppa (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | arne.kleppa@hjelmeland.kommune.no |