Utval: | Areal- og forvaltningsutvalet |
---|---|
Dato: | 07.06.2023 14.00 - 17.30 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent med vedtatte endringar i rekkjefølga i saklista.
Sak 050/23 og 052/23 tas etter klokka 14:30.
Forslag om endring av rekkjefølge.
Røysting: Forslag til vedtak samrøystes vedtatt.
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Røysting: Forslag til vedtak samrøystes vedtatt.
Referat og drøftingssaker blei tatt til orientering.
Delegasjonssaker blei tatt til orientering.
Orienteringen frå kommunedirektøren blei tatt til etteretning.
Det blir gitt løyve til å overføre ein parsell frå Gnr 100 bnr 3 til Gnr 100 bnr 6, jf. §§ 20-1 m) og 26-1i plan- og bygningslova.
Det blir ikkje gitt dispensasjon, jf. § 19-2 i plan- og bygningslova, frå delingsforbodet i §1-8 i plan- og bygningslova, og frå tomtedeling i reguleringsplan for oppretting av ein ny eigedom med eksisterande uthus og brygge frå Gnr 100 bnr 3 og frå Gnr 100 bnr 6 i Hjelmeland.
Ein kan ikkje sjå at lovkrava i §19-2 i plan- og bygningslova for å kunna gi dispensasjon er oppfyllt.
Det blir ikkje gitt løyve til å oppretta ein ny eigedom med eksisterande uthus og brygge frå Gnr 100 bnr 3 og Gnr 100 bnr 6, jf. § 20-1 m) i plan- og bygningslova.
Røysting:
Tårn Sigve Schmidt, SP meldte seg ugild i saka. Samrøystes vedtatt. Anita Husøy Riskedal, SP stilte som vara.
Dei to forslagene blei satt opp mot kvarandre:
Kommunedirektøren sitt forslag blei vedtatt mot 2 røyster (Mæhle og Munthe, H).
Hjelmeland kommune tek ikkje klage frå Gunnar Breivik på reguleringsplan R178 Breivik hyttefelt til følgje. Saka vert sendt til Statsforvaltar for endeleg avgjerd.
Røysting:
Forslag til vedtak frå kommunedirektøren blei samrøystes vedtatt.
1. Kommunedirektøren kan gå vidare med med planprosessen for RS9, utan å krevja at RS9 skal sjåast i samanheng med RS10 og I14.
2. Dei resterande retningslinjene knytta til RS9 i kommuneplanen skal likevel følgjast i det vidare arbeidet, sjølv om ein vik frå kravet om å sjå RS9 i samanheng med RS10 og I14.
3. Planavgrensinga blir sett som føreslått av tiltakshavar, altså eit planområde på ca. 100 daa inkl. tilkomstveg, vist i kartet på side 3 i saksframlegget.
4. Etterbruken av masseuttaksområdet på RS9 skal i all hovudsak vera regulert til landbruk.
Røysting:
Forslag til vedtak frå Hetland, MDG: samrøystes vedtatt.
Søknad om planendring av R166 Solvang bustadfelt blir godkjent som vist i høyringsutkast + følgjande mindre korrigeringar i føresegner:
Røysting:
Hetland, MDG sitt forslag blei satt opp mot Munthe, H sitt forslag:
Hetland, MDG sitt forslag blei vedtatt mot 2 røyster (Munte, Mæhle, H).
Hetland, MDG sitt forslag blei satt opp mot kommunedirektørens forslag.
Hetland, MDG sitt forslag blei vedtatt mot 2 røyster (Munte, Mæhle, H).
Forslag til vedtak frå kommunedirektøren med tilleggforslaget frå Hetland, MDG: blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune viser til tre klager mottatt til R179 Områdeplan Hjelmeland sentrum :
1. Fortidsminneforeningen Ryfylke - Ryfylke lokallag - om køyrebru og bevaringsverdige hus
2. Nils Viga Hausken - om køyrebru og bevaringsverdige hus
3. Jostein og Tanja Øvrum Kvame - om køyreveg Nordbygda.
Ein kan ikkje sjå at klagene omfattar forhold som ikkje er vurdert tidlegare i saken, eller som inneheld nye moment som ikkje var kjende i planprosessen. Ein viser til vurdering av klagemomenta i saksframlegget. Kommunestyret sitt planvedtak blir oppretthalde, og klagene blir ikkje teke til følgje.
Klagene blir sendt til Statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjerd.
Røysting:
Munthe, H sitt forslag til klage 3 blei satt opp mot kommunedirektøres sitt forslag.
Kommunedirektøren forslag til vedtak blei vedtatt mot 3 røyster (Munthe, Mæhle, H - Halsne, KRF).
Det blir gitt skjenkeløyve som omsøkt (klasse 1 og 2) til Tønnevik AS for skjenking ved enkelthøve i samband med arrangement i Løa i Tønnevik:
Dette gjeld følgjande arrangement:
26.07 - Konsert - kl. 20 - 01.00
19.08 - Konsert - kl. 19 - 24
09.09 - Konsert - kl. 18 - 24
14.10 - Konsert - kl. 19 - 24
28.10 - Bokbad - kl. 19 - 24
For arrangementa 26.07, 19.08, og 09.09 blir det gitt løyve til skjenke i eit avmerka område ute ved inngangen til lokalet som omsøkt.
Peter Sigmundstad blir godkjent som styrar og Åse Sigmundstad som stedfortreder. Arrangementa skal ha 18årsgrense.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Det blir gitt skjenkeløyve for klasse 1 og 2 til Ryfest SA, for skjenking ved enkelthøve i samband med Ryfest-festivalen 2.–3. september 2023. Ansvarleg arrangør må ettersenda ei meir utfyllande beskriving av organisering og tryggleik for begge arrangementa, sidan søknaden er mangelfull på dette området. Kommunedirektøren får fullmakt til å vurdera arrangøren si organisering og tryggleikstiltak.
Dette gjeld følgjande arrangement:
Ope arrangement: Ryfest dagtid, i avgrensa område som omfattar siderteltet. Det blir ikkje gitt løyve til skjenking i matteltet og utandørs. Føremålet med skjenkinga skal utelukkande vera å tilby smaksprøvar/sidersmaking av lokalprodusert sider. I tillegg til skjenking av lokalprodusert sider, må ein tilby alkoholfrie alternativ.
Skjenketidspunkt er i festivalen sine opningstider, men ikkje tidlegare enn kl. 11:00 på laurdag 2. september og kl. 12:00 på sundag 3. september.
Heidi Netland Berge blir godkjent som skjenkestyrar med Dan Olav Sæbø som stedfortredar.
Ope arrangement (ikkje slutta selskap, som omsøkt): Ryfest kveldstid, ope arrangement i/ved Hjelmelandshallen 2. september kl. 19:00 til 3. september kl. 01:00. Skjenkeområde er Hjelmelandshallen pluss avgjerda område ute ved inngongspartiet. Skjenkinga utandørs skal vera avslutta seinast kl. 00:00.
Heidi Netland Berge blir godkjent som styrar med Hilde Hauge som stedfortreder.
Aldersgrense for dette arrangementet skal vera 18 år.
Røysting:
Torunn Munthe meldte seg ugild i saka. Dette blei samrøystes vedtatt. Ingen vara.
Hetland, MDG sitt forslag blei satt opp mot kommunedirektøren sitt forslag.
Hetland, MDG sitt forslag blei samrøystes vedtatt.
Halsne, KRF sitt forslag om å erstatte andre avsnitt blei sett opp mot Hetland, MDG sitt forslag.
Halsne sitt forslag falt med to røyster (Halsne, KRF - Østerhus, SP).
Saka blei drøfta uten vedtak.
Røysting:
Forslag til å lukka møte blei samrøystes vedtatt.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Leiar | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Morten Hetland | Miljøpartiet Dei Grøne | Nestleiar | morten.hetland@hjelmeland.kommune.no |
Iren Urdal | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.urdal@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Per Mæhle | Høgre | Medlem | per.maehle@hjelmeland.kommune.no |
Ståle Halsne | Kristelig Folkeparti | Medlem | stale.halsne@hjelmeland.kommune.no |
Berit Søvik Østerhus | Senterpartiet | Medlem | berit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no |
Tårn Sigve Schmidt | Senterpartiet | Medlem | tarn.sigve.schmidt@hjelmeland.kommune.no |
Arthur Fjeldheim Egeland | Senterpartiet | Medlem | arthur.fjeldheim.egeland@hjelmeland.kommune.no |