Utval: | Areal- og forvaltningsutvalet |
---|---|
Dato: | 06.09.2023 14.00 - 16.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste blir godkjent slik dei ligg føre.
Møteprotokollen blir godkjent slik den ligg føre.
Referat- og drøftingssaker blei tatt til orientering.
Delegasjonssaker blei tatt til orientering.
Orienteringen frå kommunedirektøren blei tatt til etteretning.
Hjelmeland kommune avslår søknad om endring av reguleringsplan R146 Bjørkåsen, jf. plan- og bygningslova § 12-14.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune avslår søknad om dispensasjon frå arealføremål i kommuneplanen for bruk av deler av næringsområde til bustadføremål, jf. plan- og bygningslova § 19-2.
Røysting:
Kommunedirektøren sitt og Munthe, H sitt forslag blei satt opp mot kverandre.
Kommunedirektørens forslag blei vedatt mot 2 røyster (Munthe og Mæhle, H).
Hjelmeland kommune tek ikkje klage på byggetiltak på 90/36 til følgje. Saka vert sendt Statsforvaltar for endeleg avgjerd.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune gjev dispensasjon frå reguleringsplan R44, kommuneplanen sine bestemmelsar for R44 og frå strandsonevernet i plb § 1-8 for oppføring av naust på eigedom 59/54 i samsvar med søknad. Løyvet er gjeve med heimel i pbl § 19-2,
Hjelmeland kommune gjev byggeløyve for naust på eigedom 59/54 i samsvar med søknad, jf. pbl § 20-4.
Vilkår for løyvet:
Naustet skal oppførast med materiale og fargar som samsvarar med eksisterande naust på eigedommen.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune tek ikkje klage på løyve til oppføring av mellombels brakkerigg til følgje. Saka vert oversendt Statsforvaltar for endeleg avgjerd.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune tek ikkje klage på utsetjing av sak, jf. pbl § 13-1 til følgje. Saka vert sendt Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Sak 63/23 Fundingslandvegen 504 Søknad om dispensasjon og Rammeløyve
Hjelmeland Kommune tilrår og delvis imøtekomer søknad etter plan-og byningsloven § 19-2 og 20-1 om dispensasjon og rammeløyve for riving av gammal- og bygging av ny fritidsbustad inntil dagens størrelse på 88 BYA og maks høgde 4,6 m., på G-nr 38, b-nr 1 og f-nr 2 på Fundingslandvegen 504.
Dispensasjon grunngis med:
-Få samla alt under eit tak.
-Mindre fare for utslepp til vassdrag.
-Minimale terrenginngrep og ny hytte vil ligge på omtrent same plass.
-Fortsatt fri ferdsel langs vassdrag og ikkje auka privatisering.
-Ny hytte vil heve kvaliteten for ålmenta, då det vil sjå betre ut enn slik dei eksisterande bygga ser ut i dag.
-Hytta vil ligge lågt i terrenget.
Røysting:
Forslaget frå kommunedirektøren blei satt opp mot forslaget frå Per Mæhle, H.
Mæhle, H sitt forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune tek ikkje klage på vedtak i sak 22/1393 til følgje. Ein kan ikkje sjå at det har kome nye moment i saka som er av ein slik karakter at ein må gjere om vedtaket.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune gjev avslag på søknad om løyve til å bygge takoverbygg på terrasse etter
plan- og bygningslova §§20-1 og 20-4. Kommunen vurderer på bakgrunn av fråsegn frå
Fylkesdirektøren i Rogaland at eit byggeløyve kan påverke kulturminneverdien i bygningsmiljøet og
kan gje uheldige konsekvensar for den vidare forvaltinga av bevaringsområdet
Hjelmelandsvågen/Nordbygda.
Røysting:
Dei to forslagene blei satt opp mot kvarandre.
Halsne, KRF sitt forslag blei vedtatt mot 3 røyster (Munthe og Mæhle, H og Urdal, AP)
Hjelmeland kommune avslår søknad etter plan- og bygningslova §19-2 om dispensasjon for delvis utviding og reparasjon av molo på gardsnummer 59 og bruksnummer 111, Prestøyra 22. Tiltaket vil ikkje vere til fordel for formålet turdrag, i kommuneplanen. Ein dispensasjon vil skape presedens for tilsvarande sakar, og sette til side dei omsyn regelverket er meint for å ivareta.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune godkjenner “Detaljreguleringsplan R177 Randøy stein masseuttak” slik:
1. Plankart datert 05.05.23 + følgjande endringar :
1.1Akjørsel frå fylkesvegen skal teiknast inn jf vegnormalkrava
1.2 Internveg: legg inn breiddeutviding i kurver + annan veggrunn i skjæringer og fyllinger
2. Føresegner datert 05.05.23 + kommunedirektørens endringsforslag, sjå saksframlegg og vedlagde føresegner.
Planskidringa blir oppdatert jf vedtak.
Torunn Munthe, H og Lill Synnøve Laugaland, SP meldte ugildskap i saka.
Mæhle, H foreslår at det kun er Munthe, H som er ugild i saka.
Forslaget frå Mæhle, H blei samrøystes vedtatt. Torunn Munthe, H er ugild, ingen vara.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune godkjenner omsøkt endring av reguleringsplan R5 Breiabø/Padl:
Plankart
Slik vist i framlegg frå tiltakshavar mott 07.07.23 + følgjande endringar av det:
- vegtekniske forhold til fylkesvegen skal innarbeidast slik framgår av fylkeskommunen sin uttale (avkjørsel, siktlinjer, anna veggrunn mm)
- grøntområde GAA2 utvidast litt i vest slik at heile omsynssone H560 inngår
- faresonene H310 tilpassast planavgrensinga. Kartet som viser heile utstrekninga av faresonene H310 blir temakart/vedlegg til planen
- Det skal vere formål under heile omsynssone H540, i det manglande arealet leggjast inn byggeformål “forsamlingslokale 1164 ” Øye bedehus i tråd med kommuneplanen.
- eksisterande bygg/campingeiningar tas ut av plankartet - er kun ein del av grunnkartet.
Føresegner:
Slik vist i vedlegg “Reguleringsføresegner med endringsforslag datert 25.07.23”
Reint praktisk blir denne delen av reguleringsplan R5 som gjeld Randøy feriepark/campingplassen skilt av som eigen detaljreguleringsplan : R191 Detaljreguleringsplan Randøy feriepark.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
IOmrådeplan for Hjelmeland sentrum blir det for gnr 59 bnr 27 gjort følgjande endring ift høyringsutkast 2023 :
1, Stranda mellom vegen og sjøen blir lagt inn som grøntstruktur på same måte som resten av strandlinja her (dvs naust og platting tillatast ikkje, og § 5.12 om naust UNB4 strykast)
2. Eksisterande brygge + utvidingsareal blir lagt inn som byggeområde “småbåtanlegg i sjø” sosikode 1587.
3. Føresegn § 5.13: Opprettheld ordlyd om utviding brygge, men tar ut ordlyd om platting. Ny føresegn blir då:
“Eksisterande brygge på 59/27 på 16x2 m kan oppretthaldast og oppgraderast. Det tillatast inntil 4 m direkte forlenging, og 7,5 m vinkel på brygga – med same utforming/materialbruk som eksisterande brygge”
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune viser til søknad om planendring for R 176 Årdal Brygge bustadfelt, justert forslag mottatt 24.08.2023
Hjelmeland kommune godkjenner søknaden med følgjande korrigeringar:
Føresegner
1. §3.1.8 om leikeplass:: Tillegg: skjerme/sikre leikeplass med gjerde, og inngang frå internveg
2. § 3.1.3 Byggeområde B1-B3: Takform på bustadbygga skal vere saltak: stryk ordlyd om flatt tak og pulttak. Garasjebygg mellom husa i B3 kan ha flatt tak (med uteopphaldsareal oppå)
3. Hovudmøneretning i B2 og B3 skal vere mot sjøen (dvs for B3 blir gjeldande plan oppretthalden, for B2 blir dette endra)
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Det vert gitt løyve til skjenking av alkohol klasse 1 og 2 ved enkelthøve, ved arrangement i Løa i Tønnevik 6.10.23, jfr alkoholloven prg 1-6. Skjenketid 18.00-00.00. Peter Sigmundstad vert godkjent som styrar, med Åse Sigmundstad som stedfortreder.
Morten Hetland, MDG meldte seg ugild i saka. Dette blei samrøystes vedtatt. Ingen vara.
Røysting:
Kommunedirektørens forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Leiar | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Morten Hetland | Miljøpartiet Dei Grøne | Nestleiar | morten.hetland@hjelmeland.kommune.no |
Iren Urdal | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.urdal@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Per Mæhle | Høgre | Medlem | per.maehle@hjelmeland.kommune.no |
Ståle Halsne | Kristelig Folkeparti | Medlem | stale.halsne@hjelmeland.kommune.no |
Berit Søvik Østerhus | Senterpartiet | Medlem | berit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no |
Lill Synnøve Laugaland | Senterpartiet | Varamedlem | lill.laugaland@hjelmeland.kommune.no |
Jone Hagalid | Sosialistisk Venstreparti | Varamedlem | jone.hagalid@hjelmeland.kommune.no |
Arthur Fjeldheim Egeland (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | arthur.fjeldheim.egeland@hjelmeland.kommune.no |
Tårn Sigve Schmidt (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | tarn.sigve.schmidt@hjelmeland.kommune.no |