Utval: | Areal- og forvaltningsutvalet |
---|---|
Dato: | 06.12.2023 14.00 - 16.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Vedtak er påført møtet |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste blir godkjent slik dei ligg føre.
Møteprotokollen blir godkjent slik den ligg føre.
Tatt til orientering.
Tatt til orientering
Saka blir tatt til orientering.
Utval for areal og forvaltning tek ikkje klaga til følgje. Saka vert oversendt Statsforvaltar for endeleg avgjerd. Tiltakshavar må sørgje for at takvatn frå garasjen ikkje vert leda til eller medfører skader på nabo ein eigedom. Dersom tiltakshavar kan legge fram dokumentasjon som syner at høgde frå gjennomsnittleg terreng til møne på garasjen er under 4 meter fell saka bort.
Røysting:
Kommunedirektøren sitt forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune viser til klage frå advokat Thommessen på Areal-og forvaltningsutvalet sitt dispensasjonsvedtak i sak 86/23 vedr ankringslinjer utanfor A19 Akvakulturområde Sigmundstad.
Klagen er sett fram på vegne av grunneigarar (fritidsbustader og bustader), hyttevelforening og næringsforetak på landsida på Sigmundstad Fister.
Ein viser til vurderinga i saken kva gjeld rettsleg klageinteresse.
Hjelmeland kommune tek ikkje klagen til følgje, og den går til Statsforvaltar for endeleg avgjerd.
Ein kan ikkje sjå at klagen inneheld konkrete moment som ikkje var kjende då vedtak blei fatta. Dispensasjonsvedtaket inneber ikkje konkret løyve til realisering av tiltak eller etablering av anlegg, men er avhengig av ein påfølgjande open/brei saksprosess etter akvakulturlova. Ein viser òg til vilkåra i dispensasjonsvedtaket td ift konsekvensutgreiing av naturmangdfald, som var eitt av klagepunkta, og elles til vurderinga av klagepunkta i saksframlegget
Røysting:
Kommunedirektøren sitt forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Plan- og bygningslova:
Det blir gitt dispensasjon, jf. §19-2 i plan- og bygningslova, frå LNF-føremålet i kommuneplanen for oppretting av to bustader på Gnr 58 bnr 1 i Hjelmeland, budstadeigendom Parsell A og Parsell B.
Dette fordi det ikkje er landbruksinteresser i området som blir vesentleg tilsidesett når det blir oppretta to nye bustadeigedommar, og fordi ein kan sjå at det er samfunnsinteresser som talar for delinga. Det er samfunnsinteresser som busetnadsomsyn. Vilkåret for å gi dispensasjon er såleis tilstades. Bustadeigendommane ligg i utkant av eigedomen, eigendommane ligg inn til fjellside, privat veg og ligg ikkje til landbruksjord.
Jordlova:
Det blir gitt løyve til oppretting av to bustadeigedommar frå Gnr 58 bnr 1 Parsell A og Parsell B , slik det er søkt om. Delinga er slik me ser det forsvarleg med omsyn til dei samla arealressursane på eigedommen, og vil ikkje medføra påreknelege driftsulemper for landbruket, jf. § 12 i jordlova. Parsellane ligg inn til fjell, har vei i forkant og ligg ikkje inntil dyrka mark. Dette fører ikkje til auka trafikk pga. husa er bebudde i dag
Fellesforslag:
Sp, Ap og H
Røysting:
Kommunedirektøren sitt forslag til vedtak blei satt opp mot fellesforslag frå Sp, Ap og H.
Fellesforslaget frå Sp, Ap og H blei vedteke mot 1 røyst (Sværen, SV).
Hjelmeland kommune gir Ellen Synnøve Nag Soppeland konsesjon for kjøp av driftseininga gnr 141, bnr 2 og gnr 83,bnr 3 i Hjelmeland, jfr §2 i konsesjonslova.
Eigedommen skal drivast på ein landbruksmessig forsvarleg måte, jfr førsegnene i §8 i jordlova og §4 i skoglova.
Vilkår jfr. §11 i konsesjonslova: Ellen Synnøve Nag Soppeland må busetje seg på eigedommen innan 1 år etter at ho har fått heimel på eigedommen og sjølv bu der minst 5 år samanhengande.
Johannes Soppeland, H meldte seg ugild, utvalet vurderte Soppeland som ugild i saka.
Torunn Munthe gjekk inn som vara.
Tårn Sigve Schmidt, SP og Johannes Våge, KRF stilde begge spørsmål om ugildskap og tredde ifrå.
Utvalet vurderte Schmidt og Våge som gilde i saka.
På grunn av at ein del av sakspapira er unntatt offentlegheit, vedtok utvalet å lukka møtet.
Røysting:
Først blei det gjennomført ei prøverøysting, med kvar av dei tre forslaga.
Kommunedirektøren sitt forslag til vedtak fekk tre røyster: Munthe, H, Stangelo, Ap, Hauge, H.
Østerhus, Sp sitt forslag til vedtak fekk fem røyster: Munthe, H, Østerhus, Schmidt, Sp, Våge, Krf, Sværen, Sv.
Munthe, H sitt forslag til vedtak fekk fire røyster: Riskedal, Sp, Stangelo, Ap, Munthe, Hauge, H.
Østerhus, Sp sitt endringsforslag blei satt opp mot Munthe, H sitt endringsforslag.
Østerhus, Sp sitt endringsforslag blei vedteke mot fire røyster (Hauge og Munthe, H, Stangelo, Ap, Riskedal, Sp).
Det vert gitt løyve som omsøkt til skjenking ved enkelthøve i “Løa i Tønnevik” i samband med kulturarrangement 20.1.24,2.2.24, 17.2.24 og 1.3.24. Alle gongene kl 18.00-24.00. Arrangement skal ha 18-årsgrense.
Røysting:
Kommunedirektøren sitt forslag til vedtak blei samrøystes vedtatt.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Leiar | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Berit Søvik Østerhus | Senterpartiet | Nestleiar | berit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no |
Katrine Hansson Øvrehus Stangelo | Arbeiderpartiet | Medlem | kstangelo1@gmail.com |
Johannes Soppeland | Høgre | Medlem | johannes.soppeland@hjelmeland.kommune.no |
Bengt Åke Hauge | Høgre | Medlem | bengthauge@hotmail.com |
Johannes Våge | Kristelig Folkeparti | Medlem | johannesvaage02@gmail.com |
Tårn Sigve Schmidt | Senterpartiet | Medlem | tarn.sigve.schmidt@hjelmeland.kommune.no |
Mari Madland | Senterpartiet | Medlem | marimadland88@gmail.com |
Frode Riskedal | Senterpartiet | Medlem | frode@pgi.no |