Her ser du informasjon om eit møte i Kommunestyret.
 
Clear
     
 

Møte i Kommunestyret den 04.04.2024

Kommunestyret
04.04.2024 14.00 - 18.00
Utval:Kommunestyret
Dato:04.04.2024 14.00 - 18.00
Møtestad:Kommunestyresalen
Status:Vedtak er påført møtet
Sakskart:Innkalling - Kommunestyret - 04.04.2024 (Hoveddokument)
Møteprotokoll:Møteprotokoll - Kommunestyret - 04.04.2024 (Hoveddokument)

Saksliste

  • GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE Hoveddokument 61KB

    015/24 - 24/4422 - GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE

    Journaldato: 26.03.2024   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 1 dokument
    Brevdato: 26.03.2024
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Prosjekt og digitalisering
    Sakshandsamar: Kirsten Hansson

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.



    Behandling

    I forkant av ordinært møte vart det halde ein presentasjon av politikontakt Jostein Flatebø om kriminalitetsbiletet i Hjelmeland, og det vart gjennomført årsmøte for Frivilligsentralen.

    Anna Lena Kleppa og Astrid Fossaa Viga, H, vil be om habilitetsvurdering i sak 023/24.

    Sak 023/24 vert flytta opp på sakslista og behandla etter sak 018/24.

    Røysting:

    Samrøystes vedteke

  • GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Hoveddokument 61KB

    016/24 - 24/4423 - GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL

    Journaldato: 26.03.2024   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 2 dokumenter
    Brevdato: 26.03.2024
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Prosjekt og digitalisering
    Sakshandsamar: Kirsten Hansson

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Møteprotokollen vert godkjent slik han ligg føre.



    Behandling

    Røysting:

    Samrøystes vedteke

  • REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER Hoveddokument 65KB

    017/24 - 24/4424 - REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER

    Journaldato: 26.03.2024   Vedtakskode: Vedtak påført - klar for oppfølgjing1 dokument
    Brevdato: 26.03.2024
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Prosjekt og digitalisering
    Sakshandsamar: Kirsten Hansson

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Saka vert tatt til orientering



    Behandling

    Orientering frå ordføraren:
    Status for gang- og sykkelveg kleppakrossen - viganeset. Skulle vore starta, og er forseinka m.a. pga grunnundersøkingar. Det er sett av pengar i langtidsbudsjettet. Kan takast opp med fylkeskommunen når dei kjem på besøk i løpet av våren.

    Busskapasitet skulebussen:
    Skulebussane er fulle. Svar frå Kolumbus er at det er dei største bussane som er i bruk. Bussane kan stengast for andre passasjerar enn skuleelevane. Det er kommunen sitt ansvar å syte for transport for flyktningane, som går på skule på Jørpeland.

    Berit Søvik Østerhus, SP:
    Er kommunen sin representant i styret for Ryfylkemuseet. Dei satsar på, og vil bygge opp kompetanse om bygningsvern.

    Tårn Sigve Schmidt, SP:
    Må passa kjønnsbalanse for val av representantar til styret i vinterlandbruksskulen neste gong. Vinterlandsbruksskulen vert på Tau neste år. Det er venteliste på plassar.

    Asbjørg Kvame Hetlesæter, KrF:
    Ber om at kommunen får på plass ein barnerepresentant til planutvalet i kommunen. (Jf. Plan- og byningslova §3-3, 3. ledd).

    Røysting:

    Samrøystes vedteke

  • KOMMUNEDIREKTØREN ORIENTERER Hoveddokument 76KB

    018/24 - 24/4425 - KOMMUNEDIREKTØREN ORIENTERER

    Journaldato: 26.03.2024   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 1 dokument
    Brevdato: 26.03.2024
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Prosjekt og digitalisering
    Sakshandsamar: Kirsten Hansson

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Saka vert tatt til orientering.



    Behandling

    Kommunedirektøren orienterte:

    Ny ungdomsskule:
    Modulbygget til ungdomsskulen er på plass. På måndag startar arbeidet med dei tekniske innretningane.

    Det er sendt ut innkallingar til kommunestyret i dag:

    • 15. mai - Synfaring før møtet. Fyrste timen i møtet vert ei orientering / arbeid med Agenda Kaupang, kor leiarane av medvirkningsråda òg vert invitert.
    • 12. September: Agenda Kaupang kl 10:30 - 13:30. Kommunestyremøte kl 14:00.

    Budsjett:
    Meirforbuk utan inndekning i budsjettvedtak er ikkje lenger tillate, sjølv om det er planlagt.

    Kommunalsjef oppvekst:
    Ny kommunalsjef oppvekst, Ruth Nina Fiskå Rypestøl, presenterte seg sjølv. Ho byrja i stillinga 2. april.

    Kommunalsjef helse og omsorg:

    • Me er i gang med å rigga eit avlastningstilbod for barn (også på natt).
    • Inn på tunet: Nøgde med oppmøte på informasjonsmøtet. Prosjektleiar vert Hanne Sundbø. Studietur for å sjå korleis andre har utforma tilbodet.
    • Tilskotsmidlar til å styrke skulehelsetenesta, 50% stilling.
    • Inspirasjonssamling for personar 62-67 år: Ca 70 peronar møtte. Tema på samlinga var bustadbyggjing, korleis bu, frivillig arbeid, aktivitet m.m.

    Kommunalsjef samfunn og næring:

    • Plan og Forvaltning jobber for fullt med Planstrategi og revisjon av Kommuneplan.
    • Det har også vore dialogmøter med Fylkeskommunen og Statsforvaltaren.
    • Det er tilsett ny saksbehandlar på byggesak.
    • Me vart hausten 2021 bedne av Ryfylke IKS om å stå som søkjar om midlar frå Statsforvaltaren til eit 2-årig prosjekt kalla «Attraktive Ryfylke» på vegner av Ryfylke IKS. Formålet var å kartleggja utfordringsbiletet og finna løysingar knytt til stads- og næringsutvikling i Ryfylke. Målsetjing var å auka attraktiviteten i regionen, både som bustad, besøksmål og arbeidsstad. Prosjektet omfatta både Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda kommune. Me fekk 500 ‘ som me sende vidare til RIKS. Dette prosjektet gjekk ikkje som det var tenkt. Rapport frå RIKS viste tydeleg at det ikkje var levert på prosjektet som opphavleg beskrive. Me sa dirfor at me ikkje kunne stå inne for dette, og tilrådde at prosjektet vart stoppa, og at pengane vart betalte tilbake til Statsforvaltaren. Det er gjort, og me har fakturert RIKS for same beløp. Det er viktig å ha truverd med tanke på framtidige søknadar.
    • Me har fått støtte frå Fylkeskommunen på 450' til realisering av sentrumsplan i Hjelmeland, sommarutstilling og kafé på Spinneriet og restaurering av husmannsplassen på Fundingsland. Når det gjeld han så kan eg også seia at grunneigaren av plassen har bede oss om å kjøpa tomta. Bygningane vart i si tid gitt til kommunane. Me har gitt grunneigaren eit tilbod på kjøp av tomta.
    • Når det gjeld bustadbygging så har Formannskapet vedteke at me skal ha ein anbodskonkurranse på bygging av 8 nye leilegheiter på tomta LH1 rett overfor kommunehuset i Hjelmelandsvågen. Der vil det bli lagt kriterium for kjøp, m.a. buplikt i 5 år. Dette for å unngå at det blir ferieleilegheiter og ikkje fastbuande. Me har også blir hatt nytt møte med utbyggjarar og eigedomsmeklarar for å få innspel når det gjeld til vidare prosess.
    • Me får besøk av den franske ambassadøren i Noreg 24.mai. Tanken er å bruka dette besøket også i reiselivs og profilerings samanheng, og me jobbar med å få til eit mat-/reiselivssamarbeid med ein region i Provence i Frankrike. I påska fekk me levert eit brev til Ordføraren i Cotignac der me foreslår å innleia samarbeid. Dette vart veldig godt motteke, og me er lova tilbakemelding.
    • Det vert offisiell opning av «Nye Fiskerihavnen» laurdag 27.april. Damp som skal levera og stå for drift sa i går at den flytande badstova skal komma på plass neste veke. På opninga blir det også gratiskonsert med Kjell Inge Torgersen.
    • Vinterlysa er no tekne ned og sett på lager.

    Røysting:

    Samrøystes vedteke

  • Ny orientering om utslipp avløp Puntsnes, Ølesund og Viganeset Hoveddokument 110KB

    019/24 - 24/3638 - Ny orientering om utslipp avløp Puntsnes, Ølesund og Viganeset

    Journaldato: 11.03.2024   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 1 dokument
    Brevdato: 11.03.2024
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Bygg og anlegg
    Sakshandsamar: Knut Flaten

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Saka vert teken til orientering.



    Behandling

    Røysting:

    Samrøystes vedteke

  • ALKOHOLPOLITISK PLAN 24-28 2.GONGSBEHANDLING Hoveddokument 102KB

    020/24 - 24/3274 - ALKOHOLPOLITISK PLAN 24-28 2.GONGSBEHANDLING

    Journaldato: 04.03.2024   Vedtakskode: Vedtak påført - klar for oppfølgjing8 dokumenter
    Brevdato: 04.03.2024
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Plan og forvaltning
    Sakshandsamar: Haldis Karine Nilsen

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Alkoholpolitisk plan 24-28 , jfr redigert dokument dagsett 5.3.24 vert godkjent med følgjande endringar:

    Kommunen sitt standpunkt som “Av-og-til-kommune” skal omtalast i generell del.

    Ordet “siderprodusentar” vert byta ut med “bedrifter” i setninga “i samband med arrangement kan ein tillate at siderprodusentar med skjenkeløyve innafor Hjelmeland kommune kan utvida sine løyve til å gjelda del av arrangementet”.

    Kommunedirektøren får fullmakt til å justera planen i forhold til dette.

    Ambulerande løyve



    Strykast: Er det tale om lukka arrangement med sal av alkohol, kan det gis administrativt løyve. Arrangement som får ambulerande løyve skal ha avslutta billettsalet i god tid før arrangementet startar, og det skal vera ei liste over deltakarane.



    Endrast til : Dersom ein skal servere alkohol i eit lukka selskap som til dømes bryllaup, jubileum eller interne arrangement i firma, må du søkja om ambulerande skjenkebevilling.
    Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, heller ikkje med påmelding og/eller inngangsbillett. Deltakarane må ha ei eller anna tilknyting til den eller dei som inviterer til selskapet.
    Slike arrangement kan ikkje på nokon måte annonserast (i media, ved oppslag, eller opent på sosiale medium el.l.).


    Ein person skal stå som ansvarleg for skjenkinga. Søknad bør sendast inn seinast 14 dagar før. Kommunen har to slike løyve, det betyr at det ikkje kan skje meir enn to arrangement med ambulerande løyve på ein gong.

    Søknadsgebyr for søknad om løyve ved enkelthøve:
    For inntil 50 personar: kr 400,-
    For inntil 100 personar: kr 800,-
    Over 100 personar: kr 1000,-

    Ambulerande løyve: kr 400.-

    Ny setning etter:
    Det vert ikkje gitt løyve til skjenking ved enkelthøve meir enn åtte gonger i året til same skjenkestad/same arrangør.


    Kan fråvika dette om søkar har teke kunnskapsprøven for skjenkeløyve.



    Behandling

    Røysting:

    Tilleggsforslag frå Munthe, H: Vedtatt mot 2 stemmer (KrF)

    Forslag frå Halsne, KrF:
    Pkt 1) Falt mot 2 stemmer (KrF)

    Pkt 2) Falt mot 2 stemmer (KrF)

    Framlegg frå formannskapet med vedtekne endringar: Vedtatt mot 2 stemmer (KrF)

  • Eigarskap i Attende Allservice Holding AS Hoveddokument 66KB

    021/24 - 24/4417 - Eigarskap i Attende Allservice Holding AS

    Journaldato: 26.03.2024   Vedtakskode: Vedtak påført - klar for oppfølgjing2 dokumenter
    Brevdato: 26.03.2024
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Kommunedirektøren
    Sakshandsamar: Janne Johnsen

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Hjelmeland kommune overdreg aksjane sine på 0,07 prosent i Attende Allservice Holding AS til Rogaland fylkeskommune.



    Behandling

    Røysting:

    Samrøystes vedteke

  • Oppretting av fritidskasse Hoveddokument 89KB

    022/24 - 24/3228 - Oppretting av fritidskasse

    Journaldato: 01.03.2024  1 dokument
    Brevdato: 01.03.2024
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Kulturseksjonen
    Sakshandsamar: Magnar Riveland

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Reglementet for Fritidskassen blir vedteke slik det ligg føre.



    Behandling

    Røysting:

    Samrøystes vedteke

  • OREIGNING AV AREAL TIL VEG OG INDUSTRIFØREMÅL Hoveddokument 127KB

    023/24 - 24/3047 - OREIGNING AV AREAL TIL VEG OG INDUSTRIFØREMÅL

    Journaldato: 27.02.2024   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 16 dokumenter
    Brevdato: 27.02.2024
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Plan og forvaltning
    Sakshandsamar: Haldis Karine Nilsen

    Dokumenter

     

    Vedtak

    • Hjelmeland kommune oreigner nødvendig vegareal frå eigar av gnr. 71 bnr. 1 i Hjelmeland kommune til gjennomføring av Reguleringsplanen R142 og Vegplanen R164
    • Hjelmeland kommune oreigner tomteareal frå eigar av gnr. 71 bnr. 1 i Hjelmeland kommune til gjennomføring av Reguleringsplanen
    • Kommunedirektøren får fullmakt til å begjære og gjennomføre skjønn for fastsetjing av oreigningserstatning.
    • Kommunedirektøren får fullmakt til å søkje om samtykke til førehandstiltreding

    Vedtaket er gjort i medhald av §16-2 i Plan og Bygningslova, og §25 i Lov om Oreigning.

    Oversendingssak:
    Kommunedirektøren legger fram sak for formannskapet der ein reviderer tomteprisar ved sal av kommunale tomter. I samme sak skal ein fastsette forhandlingsutvalet si rolle ved kjøp og salg av eigendom.

    Fullmakt:
    Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å ta stilling til eventuelle forhandlingsresultat.



    Behandling

    Astrid Fossaa Viga, H, og Anna Lena Kleppa, SP, ba om habilitetsvurdering.

    • Astrid Fossaa Viga vart funne ugild (samrøystes). Per Mæhle møtte som vara.
    • Anne Lena Kleppa vart funne gild (samrøystes), og fekk vera med og behandle saka.

    Møtet vart mellombels lukka (off.l. §23) for å svare ut spørsmål frå kommunestyret, men vedtak vart gjort i ope møte.

    Røysting:

    Innstilling frå formannskapet vart satt opp mot endringsforslag frå Munthe, H.
    Forslaget frå Munthe vart vedtatt med 11 mot 8 stemmer (SP, unntatt Schmidt)

    Vedtak om oreigning vart vedtatt mot 3 stemmer (Øye (SP), Kleppa (SP) og Hetlesæter (KrF))

    Oversendingsforslag frå Egeland, SP: Samrøystes vedteke

    Tilleggsforslag om fullmakt frå Egeland, SP: Samrøystes vedteke

Frammøte

Frammøte
PolitikarPartiMedlemstypeE-Post
Anita Husøy RiskedalSenterpartietLeiaranita.husoy.riskedal@hjelmeland.kommune.no
Gaute HaugeArbeiderpartietNestleiargaute.hauge@hjelmeland.kommune.no
Katrine Hansson Øvrehus StangeloArbeiderpartietMedlemkstangelo1@gmail.com
Torunn MuntheHøgreMedlemtorunn.munthe@hjelmeland.kommune.no
Johannes SoppelandHøgreMedlemjohannes.soppeland@hjelmeland.kommune.no
Leif Magne KleppaHøgreMedlemleif.magne.kleppa@hjelmeland.kommune.no
Astrid Fossaa VigaHøgreMedlemastrid.fossaa.viga@hjelmeland.kommune.no
Bengt Åke HaugeHøgreMedlembengthauge@hotmail.com
Ståle HalsneKristelig FolkepartiMedlemstale.halsne@hjelmeland.kommune.no
Asbjørg Kvame HetlesæterKristelig FolkepartiMedlemas-hetle@online.no
Dagfinn Svadberg HatløySenterpartietMedlemdagfinn.hatloy@hjelmeland.kommune.no
Frode RiskedalSenterpartietMedlemfrode@pgi.no
Tårn Sigve SchmidtSenterpartietMedlemtarn.sigve.schmidt@hjelmeland.kommune.no
Anna Lena KleppaSenterpartietMedlemanna.lena.kleppa@hjelmeland.kommune.no
Arthur Fjeldheim EgelandSenterpartietMedlemarthur.fjeldheim.egeland@hjelmeland.kommune.no
Mari MadlandSenterpartietMedlemmarimadland88@gmail.com
Solveig Romsø ØyeSenterpartietMedlemsolveig.romso.oye@hjelmeland.kommune.no
Berit Søvik ØsterhusSenterpartietMedlemberit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no
Erlend WiderøeSosialistisk VenstrepartiVaramedlem
Silje Sværen (Ikke møtt) Sosialistisk VenstrepartiMedlemSilje.Svaren@hjelmeland.kommune.no
ACOS Innsyn levert av ACOS AS