Informasjon om medlemskap i bedriftskunstforeininga
Dette skjemaet nyttast både til innmelding og utmelding i foreininga.
Medlemskapet er bindande for tre år om gongen. og blir automatisk overført til ny treårsperiode om du ikkje melder deg ut. Ved innmelding undervegs i perioden må det betalast for heile treårsperioden.
Innbetaling skjer ved lønnstrekk (kommunalt tilsette) p.t. kr 175,- per månad, eller ved automatisk bankoverføring. (Ev. auke i sats vedtas av årsmøtet i januar.)
Dersom arbeidsforholdet avsluttast i perioden skal restbeløpet innbetalast per faktura. Hugs å senda inn nytt skjema for å melda deg ut, og/eller stoppa lønnstrekk.
A-kunst og B-kunst finansierast med eigenbetaling + rabatt frå galleri for større innkjøp.
Styret tar atterhald om at det er tilstrekkeleg tal medlemmer i ny periode til at ordninga kan vidareførast.
Medlemmene får 1 stk A-kunst i løpet av treårsperioden. Trekning av A-kunst skjer ca desember kvart år med prioritering / utlevering på årsmøtet, vanlegvis i januar året etter.
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Karin Sande Breiland (leiar), tlf: 958 55 100 (Rogaland sparebank)
Svanhild Hjorteland Gbada, tlf: 404 39 127 (Hjelmeland kommune)