Målgruppe
Skjenkeløyve kan søkjast av personar som ønskjer å servere alkoholhaldig drykk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve (ope arrangement).
Det må søkast om ambulerande løyve (slutta selskap) dersom ein eller fleire av følgjande føresetnader er til stades:
- Dersom ein leiger lokale + fleire tenester (f.eks. vasking, servering o.l.) av utleiger. Då er søknad naudsynt.
- Dersom ein tar betalt for alkohol.
- Dersom lokalet festen skal haldast i har serveringsløyve.
Ambulerande skjenkeløyve kan ikkje brukast når gjestane er invitert via annonser, plakatar, eller sosiale media. Då må det søkjast om skjenkeløyve for eit enkelt høve § 1-6. Ansvarleg skjenkestyrar må være fylt 20 år (legitimasjon vert kravd). Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.