• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Innleiing

Skjemautfylling

Klage på kommunalt vedtak

Klagefrist
Etter forvaltningslova §29 har du rett til å klage på vedtak innan 3 veker etter at du har mottatt vedtaksbrevet.

Dersom klaga blir sendt for seint, er det høve til å sjå bort frå ho. Har De særleg grunn til det, kan De likevel søkje om å få klagefristen utsett. De bør i så fall nemne kvifor klaga kjem for seint.

Innhaldet i klaga
Forvaltningslova §32 (klaga sin adressat, form og innhald)

I klaga skal De skriva kva for eit vedtak De klagar på, og nemne den eller dei endringar som De ønskjer. De bør grunngi kvifor De klagar og ta med mulege andre opplysningar som kan telje med.

Partane sin rett til å krevje grunngjeving
Dersom De ikkje alt har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setje fram krav om å få det. Eit slikt krav må setjast fram før klagefristen er ute. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist blir rekna frå det tidspunktet De får grunngjevinga.

Rett til å krevje rettleiing og nærare opplysningar
Det forvaltningsorganet som har sendt vedtaket, skal dersom De ber om det, gi nærare rettleiing om klagerett, korleis De går fram ved klage og opplysningar om:

  • Høvet til å gjera seg kjend med saksdokumenta så langt forvaltningslova gir heimel for dette.
  • Høvet til å få tildømt sakskostnader etter § 36 i forvaltningslova.
  • Høvet til å søkja gjennomføringa av vedtaket utsett, om iverksetjinga av vedtaket kan tenkjast å verta til skade for klagaren før avgjerda i klagesaka.
  • Høvet til å søkja fritt rettsråd, muleg også fri sakførsle.

Her finn du heile  Forvaltingslova

Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol der du treng hjelp til utfyllinga.
  2. Skjemaet lagrar svara undervegs i utfyllinga. Dersom du vel å avbryte ved f.eks. å lukke nettlesarvindauga eller trykke på Avbryt-knappen og deretter stadfestar at du vil avbryte utfyllinga, vil all informasjon verta borte.
  3. Ingenting vert sendt inn før du sjølv ber om det, ved å velgja Send inn-knappen. Han kjem fram etter at opplysningane er kontrollert og godkjent på oppsummeringssida.

Utfylling og bruk

Klikk på hjelpesymbola for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt utan aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Klikk på Hjelp øvst til høgre dersom du treng hjelp undervegs i utfyllinga.
Vent...

Loader