Informasjon
Fyrste gong du du kjem innom for å låne utstyr må du ta med deg legitimasjon, slik at vi får lagt deg inn i kunderegisteret.
Er du under 18 år må du ha med føresette / foreldre.
Lånereglar
- Ta godt vare på utstyret du lånar. Alt utstyr skal vere reint og tørt når det vert levert inn
- Lånetid: 1 veke - Kan forlengast etter avtale, om det ikkje er venteliste
- Hugs å levere utstyret tilbake til avtalt tid, slik at dei som skal låne det etterpå ikkje må vente
- Om du oppdagar manglar ved utstyret, ver venleg å seie frå, så skal vi fikse det
- Låntakar skal gi beskjed dersom utstyret vert skada under bruk
- Dersom du skader, eller mister utstyret, eller ikkje leverer det tilbake, må du erstatte det
- Utstyrsbanken står ikkje ansvarleg for korleis utstyret vert brukt. All bruk av utstyret skjer på eige ansvar
Oversikt over kva utstyr du kan låne