Samtykke til bruk av Teams til undervisning i klasserom
Det er diverre mange elevar og tilsette i skulen som er heime grunna smittevernsreglane i høve koronaepidemien. Mange elevar er i god form, men må halda seg heime lenge på grunn av luftvegsymptom, og mistar difor verdifull undervisning.
Me ønskjer å nytte Teams i undervisninga i klasseromma der elevar er heime grunna lett sjukdom. Ved å ha «Teams-møte» med elevane heime vil dei kunne høyre klassen, samt sjå lærar og tavle, og kan på denne måten ha høve til å delta i undervisninga dersom dei er i form til det. Dette vil fungere nesten slik morgonmøta elevane hadde i heimeskule-perioden gjorde, og vil difor ikkje verte lagra. Det er meint for eleven som er sjuk og eventuelt dei som hjelper eleven heime.
Grunna personvernet ønskjer me at foreldre/føresette gir oss lov til å nytte Teams til dette formålet i klasserommet til dykkar barn.