Informasjon om varsling
Varsling er å melde frå om kritikkverdige forhold som ikkje vert retta opp i. Hjelmeland kommune ønskjer at alle tilsette skal varsle om dei opplever/observerar kritikkverdige forhold.
Med kritikkverdige forhold meiner me:
- Brot på lov- og avtaleverk
- Brot på interne retningslinjer
- Brot på etiske normer
- Forhold som kan skade tilsette, kommunen eller samfunnet
Varslingsskjemaet er utarbeidt som eit hjelpemiddel, slik at nødvendige opplysningar kjem fram i varselet. Dette for å kunne vurdera om varselet oppfyller kriteriet for varsling, og for å sikre ei god handtering internt i organisasjonen.
Du kan velje å varsle anonymt, men normalt vil openheit sikre betre resultat for alle involverte partar. Som varslar har du uansett krav på fortruleg behandling. Dette inneber at du kun er kjent for ei avgrensa gruppe.
Den som varslar skal så snart som mogleg, og seinast innan 14 dagar, få melding om at varselet er motteke og informasjon om vidare behandling av varselet. Dette føreset at me veit kven som har varsla.
Den som varslar skal ikkje oppleve gjengjelding, som følgje av varsel.