Informasjon om ordninga
Hjelmeland kommune vil bidra til at byggefelt/nabolag i kommunen skal få oppgradert leike- og ballplassane sine. I tillegg er det viktig med ei god organisering av tilsyn, kontroll og ansvar. Difor har me no oppretta ei driftsordning med ei tilskotsordning der velforeiningar kan søke om midlar til oppgradering, og få hjelp til å sørge for at leikeplassen er i forsvarleg stand.
Storleiken på tilskotet vil variere ut frå behov og kor mange søknadar me mottek. Kravet me stiller er at de har inngått ein driftsavtale med kommunen etter føringane nedanfor.
Kva må me som velforeining gjere?
- Sørge for velforeininga er registrert i Brønnøysundregisteret
- Føre regelmessig tilsyn med leikeplassen/ballplassen (halde arealet ryddig og stelle grøntanlegg)
- Sørge for at leikeplassen/ballplassen er open for allmennheita
- Sørge for å bestille årleg hovudkontroll av utstyret innan utgangen av mars kvart år (der dokumentasjon skal gå til kommune og velforeining)
- Oppdatere kommunen og Brønnøysundregisteret ved endring av kontaktperson
- Inngå driftsavtale med kommunen
- Sørge for gyldig forsikring
Kva kan velforeininga forvente av kommunen?
- Årleg kontroll av leikeplassen
- Sjekke at reiler og slitedelar er i tilfredsstillande stand
- Sjekke at der er tilstrekkelig med fallsand der dette er eit krav
- Sjekke at der er nok sand i sandkassa
- Sjekke at ev. fotballmål/anna ballutstyr er i tilfredsstillande stand
- Råd og rettleiing ved behov
- At kommunen betaler velforeininga sin kontingent i eit landsdekkande velforbund
- At kommunen betalar ansvarsforsikring gjennom eit landsdekkande velforbund
- Høve til å søke om tilskot til fornying av leike- og ballplassutstyr
Søknadsfrist er 30. april
For at søknaden skal verte behandla, må dokumentasjon på gyldig forsikring sendast inn, som vedlegg til dette skjemaet, eller på e-post til postmottak@hjelmeland.kommune.no