Informasjon
Hjelmeland kommune har som strategi å tilby full stilling til flest muleg. Deltidstilsette har førtrinnsrett ved ev. vakanse, forutsatt at dei har rett kompetanse.
Om du har behov for, eller ønskje om, å søkje overflytting til annan arbeidsstad i kommunen (omplassering), så kan du nytte dette skjemaet. Søknaden vil bli behandla av einingsleiar løn og personal.
Ledige stillingar som vert lyst ut kan du ikkje søkje på her - då må søknad sendast inn i rekrutteringsmodulen (Easycruit). Du finn lenkje til Ledige stillingar (og søknadsportalen) på Intranettet og heimesida til kommunen.
Viss søknad om omplassering blir innvilga, vil løn bli vurdert på nytt.
Det innvilgast som hovudregel ikkje permisjon ved overgang til ny stilling i eller utanfor kommunen. Du kan lesa meir i permisjonsreglement for tilsette.