Informasjon
Nokre menneske treng hjelp til å koma seg ut, vera saman med andre eller delta på aktivitetar. Støttekontakten er den hjelparen som bidreg til å gje ei meiningsfull fritid, få økt tru på seg sjølv, få noko å sjå fram til og skapa gode minne.
Ingen menneske er like og me treng forskjellige støttekontaktar, med ulike interesser og erfaringar.
Krav til deg som vil bli støttekontakt:
- Du er påliteleg og du likar å jobbe med menneske
- Du er 15 år eller eldre
- Du kan binda deg for minst eit år
- Det er ingen krav til utdanning for å bli støttekontakt/fritidskontakt
Du kan velje om du vil vera støttekontakt for avdeling Barnevernstenesta eller avdeling for Tilrettelagde tenester.
Etter at søknad er mottatt vil du bli kalla inn til intervju. Får du tilbod om å vera støttekontakt må du levere politiattest og signere ei erklæring om teieplikt.
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Leiar for barnevernstenesta:
Barnevernskontoret:
- Tlf: 51 75 00 00, tasteval 3