Informasjon om ordninga
Hjelmeland kommune har
oppretta ei særskilt ordning for tilskot til næringsføremål, inkl. landbruk. Tilskot kan gis til
etablering av ny næring eller til investeringstiltak i eksisterande verksemder
heimehøyrande i Hjelmeland kommune. Budsjettramma for ordninga er inntil 1,5 millionar årleg.
Tilskot kan berre gis til nye tiltak og
investeringar, og kan ikkje nyttast til dekking av avdrag og renter på lån,
eller løpande drift.
Tilskot kan tildelast etter søknad, og tilskot skal tildelast i samsvar med vedtektene til
kraftfondet. Etter reglane i kraftfondet skal tilskotet som
hovudregel ikkje overstige 50% av kostnad. Ved prosjekt av særleg betydning for kvinner og
ungdom og ved nyetableringar, kan det givast inntil 75% finansiering.
Maksimal støtte (tilskot og eventuelt subsidieelement i lån med nedset rente) skal vera avgrensa til, og liggja innafor, ei maksimumsgrense på kr 600 000,- til eit og same føremål i ei og same verksemd i ein treårsperiode.
Formannskapet prioriterer
og tildeler tilskot til søkjarane, etter at kommunedirektøren har førebudd søknadane
for behandling.
Søknaden må innehalde:
- ei utgreiing om den planlagde etableringa/tiltaket det blir søkt om tilskot til
- det må leggast ved kostnadsoverslag og finansieringsplan
- namn på føretaket og organisasjonsnummer
- omsøkt tilskotsbeløp
- opplysningar om kva for anna offentleg støtte føretaket har mottatt i løpet av dei tre (3) siste åra og kven som har gitt denne støtta
For byggjetiltak
eller andre tiltak som krev offentlege løyve, må det vera gitt løyve før ein
kan få tilskot.
Det kan søkjast om støtte innan 20. august kvart årFrist for utbetaling av løyvd tilskot er 2 år etter at søkjar har motteke melding om løyving.
Det kan søkjast om utsett frist dersom det er behov for lenger tid for å få fullført tiltaket det
er løyvd tilskot til.
Spørsmål om ordninga kan rettast til:
Torborg Kleppa, torborg.kleppa@hjelmeland.kommune.no tlf: 404 39 123
Vedtektene til kraftfondet som omfattar heile ordninga kan du lesa her