Informasjon om søknad om utsett ferie ved 100% sjukmelding
- Sjukdommen må gjelde deg, og ikkje anna sjukdom i familien.
- Du må opphalde deg innanfor EØS-området og vere statsborgar i eit EU-/EØS-land for å ha rett til erstatningsferie med løn.
- NB! Eigne reglar opphald utanfor EU/EØS: Du kan framleis krevje erstatningsferie, men då utan løn.
- Søknaden vert behandla av næraste leiar.
UTSETTING AV FERIE PGA SJUKDOM FØR FERIEN
Om du vert heilt arbeidsufør før ferien, kan du krevje å få utsett ferien til seinare i året. Krav om utsetting må dokumenterast med sjukmelding, og leverast seinast siste arbeidsdag før avtalt ferie skulle tatt til.
UTSETTING AV FERIE PGA SJUKDOM I FERIEN
Om du vert heilt arbeidsufør i ferien, kan du krevje å få utsett ferien til seinare i året. Krav om utsetting må dokumenterast med sjukmelding og leverast så raskt som mogleg, "utan ugrunna opphald", etter at du er tilbake på arbeid.
UTFYLLING AV SØKNAD OM SJUKEPENGAR
Om du søkjer om erstatningsferie, så skal du ikkje oppgje i søknaden om sjukepengar at du har avvikla ferie i sjukmeldingsperioden.