Informasjon om ordninga - ny søknadsomgang
Kommunestyret vedtok i sak 059/22 og 094/22:
"Det vert innført kommunal straumstøtte til næringslivet i kommunen.
Alle verksemder får etter søknad straumstøtte for 100 % av straumforbruket målt etter faktisk gjennomsnittleg forbruk i perioden 01.09.22- 31.12.22. Straumstøtta vert utmålt for straumkostnader med 80 % av kostnaden utover 70 øre/kwh. Ordninga gjeld for straumforbruk på inntil 500.000 kwh årleg."
Støtta vert vidareført til å gjelde frå 01.04.23 – 30.06.23.
Ingen verksemder med statleg straumstøtte kjem inn under den kommunale ordninga.
Dei enkelte faktorar som er lagd til grunn vil kunne justerast for å sikra at straumstøtta vert forholdsmessig rett fordelt mellom alle verksemder og tilpassa det økonomiske handlingsrommet på 4 mill.
Før endeleg tildeling skal formannskapet ha saka til orientering."
Det vert ikkje utdelt støtte til bedrifter som fell inn under statlege straumstøtteordningar.
Det vert heller ikkje dekt kostnadar til:
- Nettleige
- Fast månadsbeløp
- Mva
Reelle kostnadar i perioden 01.01.2023 - 31.03.2023 må dokumenterast. Vedlegg kan lastast opp til slutt i søknaden, eller sendast inn separat.