Informasjon om ordninga
Fritidskortet er for dei som av ulike grunnar ikkje har moglegheit til å nytte seg av fritidsaktivitetar. Gjennom denne ordninga håpar ein på auka deltaking i aktivitetar på fritida.
Fritidskortet gir gratis inngang på ei rekke arrangement og aktivitetar. Det gjer også gratis medlemsskap hos eit par aktørar og fri tilgang til å låne utstyr gjennom https://frilager.no/
Tildelt fritidskort gjeld for eit år om gongen, og du treng ikkje å søkje på nytt. Nytt kort vert sendt ut automatisk, så lenge vilkåra er oppfylt.
Kortet gjer gratis inngang på
- Kommunen sine arrangement
- Ryfest (på dagtid)
- Hjelmeland bygdekino
- Full Fart aktivitetsveke og fotballskule v/Hjelmeland Idrettslag
- Framsyningar med Hjelmeland teater
- Rabatt på medlemskontingent i Hjelmeland teater
- Medlemsskap i Hjelmeland Idrettslag
- Ferieaktivitetar blant anna familietur til Kongeparken
- Fri eigenandel ved bruk av ungdomstaxi
- Gratis lån av utstyr gjennom https://frilager.no/
Kven kan få fritidskortet?
Barn og unge mellom 0-18 år
Kortet er personleg og kan ikkje nyttast av andre enn den registrerte personen.
Ved å søke gir du NAV Hjelmeland fullmakt til å innhente naudsynte opplysningar for å kunne handsame søknaden.
Kortet er eit samarbeid mellom Hjelmeland kommune, NAV Hjelmeland, Hjelmeland kunstlag, Hjelmeland Teater, Hjelmeland samfunnshus og Hjelmeland Idrettslag.