Medarbeidarsamtalen
Medarbeidarsamtalen er eit arbeidsmøte der leiar og medarbeidar årleg skal gi systematisk tilbakemelding vedrørande mål og prioritering av arbeidsoppgåver for kvar enkelt medarbeidar, og vedrørande motivasjon, meistring, innsats og trivsel på arbeidsplassen. Det skal også fastsetjast målsetjingar og prioriteringer for komande arbeidsår.
Samtalen skal vera førebudd, open, fortruleg og forpliktande.
Dette skjemaet skal vera ei hjelp i førebuinga og skal nyttast til å systematisera medarbeidarsamtalen. Dei punkt som i medarbeidarsamtalen omtalar forventningar frå leiar til tilsett og motsatt skal skriftleggjeras og arkiverast i den tilsette si personmappe for vidare oppfølging.
Tema for samtalen:
- Oppfølgjing av den førre samtalen
- Motivasjon
- Sjølvstende / fleksibilitet
- Kompetanseutvikling
- Rolleklarheit
- Delekultur
- Leiing
- Prioriterte mål og satsingsområde for arbeidsplassen
- For seniorar over 58 år
- Mål og tiltak for komande periode