Innspel til kommuneplanen sin arealdel
Me arbeider no med revisjon av kommuneplanen sin arealdel, vedtatt i 2019.
Det er høve til å gi innspel om t.d. ny utbygging, vern, endringar i plankart eller føresegner. Forslag kan både gjelde å ta ting inn i planen, eller ut av planen.
Det er større krav til innspel om ny utbygging, enn til andre forslag. Utbyggingsforslag må stadfestast på kart og du må fylle ut ei sjekkliste om risiko og sårbarheit.
Skjemaet er bygd opp slik at du må svare på relevante spørsmål undervegs.
Arealstrategien er eit sett med føringar som kommunestyret har vedtatt for planarbeidet, og alle innspel skal bli vurdert opp mot dette. Før du fyller ut skjemaet må du difor gjere deg kjent med arealstrategien.
Meir informasjon om planarbeidet finn du på kommunen si heimeside.
Kommuneplanen sin arealdel vedtatt 2019:
Frist for innsending er 10. desember 2025.
Innspela vil ikkje bli besvart, men blir vurdert i arbeidet med kommuneplanen.
Du må sjølv følgje med undervegs i prosessen. Oppdatert informasjon og innspel blir lagt ut på heimesida undervegs.