Kommuneplanen sin arealdel

Administrasjonen har nå lagt fram forslag til ny arealdel for Hjelmeland. Forslaget blir behandla i fleire politiske utval i september og oktober. Siste møte planen skal opp i er kommunestyret 29. oktober. Det skal då tas stilling til om planen skal leggjast ut på høyring, eventuelt med endringar av forslaget.

Forslag til arealdel som bli lagt fram polistisk hausten 2026.

Forslag til nytt plankart

Innkomne innspel

Du kan også sjå innspela i kartløysingen vår. 

Alle innspela er merka med nummer i kartet, slik at du finn innspelet igjen i oversikten under. 


Sjå prioriteringa i sak 40/26 til formannskapet i møte 18. mars 2026.

Informasjon om planvask reguleringsplanar 

Kva type plan er dette ?

Kommuneplanens arealdel forbind du gjerne med fargar og skravur på eit kart.  Fargane avgjer kor og kva som kan byggast, og kva som skal vernast. Planen er ein grov oversiktsplan for alt areal i Hjelmeland, både land og sjø.  

Den viser mellom anna 

  • kor bustad-og hyttebygging skal skje
  • kor landbruk skal prioriterast
  • kor oppdrett i sjø eller uttak av byggeråstoff skal skje
  • kor me skal prioritere friluftsliv eller naturverdiar

Saman med fargane på plankartet er det eit sett med føresegner som forklarar korleis dei ulike områda skal utviklast og forvaltast. 

Kommuneplanen sin arealdel er juridisk bindande for arealbruken, og plan- og bygningslova gir føringar for korleis ein slik plan skal lagast.

Kva byggjer planarbeidet på? 

Planen er eit viktig verkemiddel for å nå måla som kommunestyret har sett for lokalsamfunnsutviklinga vår, og er ein plan som alle kommunar skal ha. Planarbeidet bygger vidare på tidlegare politiske vedtak:

  •  Planstrategi og planprogram for kommuneplanen.  vedtatt av kommunestyret i september 2024. Fortel kva planar som skal utarbeidast og når, og planprogrammet er som er ein slags  “plan for planen” 
  •  Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2037 vedtatt av kommunestyret juni 2025. Inneheld mål og satsingsområde for samfunnsutviklinga
  •  Arealstrategi, er kap 5 i Samfunnsdelen, og er den “raude tråden”  mellom samfunndelen og arealdelen, og er eit sett med overordna føringar for det vidare arbeidet med arealdelen. Dette vil bli brukt når innspel til arealdelen skal vurderast.
  • Formannskapsvedtak 102/25, 27.08.25: gir ein korrigert oversikt over organisering av planarbeidet,  framdrift og kunnskapsgrunnlag

Framdriftsplan og presentasjonar frå informasjonsmøtene

Gjeldande arealdel vedtatt 2019

Me startar heldigvis ikkje planarbeidet med blanke ark.  
Gjeldande plankart 

Gjeldande føresegner/retningslinjer
Du finn den òg på arealplaner.no