Planvask

Planvask er eit viktig grep i framlegg til ny kommuneplan arealdel. 

Kommunen har 156 reguleringsplanar og mange av desse er av eldre dato. Den eldste planen er heilt tilbake til 1977.  Mange av planane er laga etter eldre/utgått regelverk, er unøyaktige/feil framstilt. Det kan òg vere at arealbruken er i strid med dagens behov, krav til planlegging eller dagens føringar for arealplanlegging.  Mange planar er òg urealiserte, dvs utbygging er ikkje sett i gong. 

Planvask er ein gjennomgang av desse gamle planane, og vurdere dei i lys av dagens arealstrategi og behov. Målet er å unngå å ha planar for arealbruk som er i strid med ønskja samfunnsutvikling og hindre utbygging i areal som er viktig av andre omsyn, td naturverdiar, samfunnstryggleik, landbruksinteresser.

Formannskapet vedtok i sak 40/26 at ein primært skal sjå på eldre/realiserte reguleringsplanar eldre enn 15 år.

Planvaskvurdering av eldre reguleringsplanar blir nå gjort parallelt med framlegg til ny kommuneplan arealdel.

Konkret legg forslaget opp til at 30 reguleringsplanar skal opphevast. Oversikt over desse 30 planane med tilhøyrande vurdering og forslag til korleis dette blir løyst i kommuneplanen framgår av notatet: 

Planvask reguleringsplanar

 

Viktig om opphevingsprosess:

Ein reguleringsplan blir ikkje oppheva gjennom kommunestyrevedtak nå i haust. Det ein vedtar nå er kun å sende forslag til ny kommuneplan på høyring, inkludert forslag om oppheving av reguleringsplanar.

For å kunne formelt sett oppheve ein reguleringsplan, er det krav om omtrent same type prosess som å lage ein ny reguleringsplan, dvs krav om varsling til berørte parter, medverknad, politiske behandlingar, høyring, klagerett o.a

Parallelt med at forslag til ny kommuneplan arealdel er ute til høyring/offentleg ettersyn vinteren 26/27 vil det bli sendt ut varslingsbrev til den enkelte grunneigar/berørt part innan kvar enkelt reguleringsplanområde som er gjenstand for planvask. 

Kommunen står relativt fritt til å kunne oppheve gamle reguleringsplanar utan å bli erstatningspliktige så lenge det ikkje er sett i gong tiltak/gitt igangsetjingsløyver i det aktuelle området. 
 

Generell informasjon om planvask:


Distriktsenteret - Kommuneplanen sin arealdel - Planvask

Regjeringen - Utredning - Grunnlag for veileder om revisjon av kommunale arealplaner


 

Artikkelliste