Barn med særlege behov

Barn med særlege behov

Barn som har utfordringar med å sanse, kommunisere og lære kan ha rett til hjelp og tilrettelegging i barnehagen. Dette gjeld også om barnet ditt har nedsett funksjonsevne. 

Spesialpedagogisk hjelp

Ta kontakt med barnehagen, dei gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak. Dersom barnet ikkje er starta i barnehagen kan du ta kontakt med helsestasjonen.

Dersom barnet framleis etter utprøvde tiltak har vanskar, kan barnehagen/helsestasjonen og føresette sende ei tilvising til PPT (pedagogisk psykologisk teneste).  

PPT gjer undersøkingar

PPT undersøker kva behov barnet ditt har, og gjer rettleiing og råd kring dette. Foreldra skal vere involvert gjennom heile arbeidet. Dersom PPT konkluderer med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, utarbeider dei ei sakkunnig (fagleg) vurdering.  Kommunen gjer så vedtak etter barnehagelova §31. Det betyr at barnet ditt har rett på spesialpedagogisk hjelp. 

Meir informasjon om rettar og saksgang ved spesialpedagogisk hjelp.

Kommunen er del av PP-tenesta i Midt-Ryfylke.

Nedsett funksjonsevne

Barn som går i barnehage, og som har nedsett funksjonsevne, har rett til eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod slik at barnet skal kunne nytte seg av tilbodet på lik linje med andre barn.

Føresette søker om tilrettelagt barnehagetilbod i samråd med barnehagen. 

Søk om tilrettelagt tilbod

Kommunen fattar eit vedtak om tilrettelegging ut i frå barnet si nedsette funksjonsevne, jf. barnehagelova §37. Føresette skal verte involvert i prosessen i forkant av vedtaket. 

Klagerett

Føresette har klagerett ved vedtak om spesialpedagogisk hjelp § 31 og vedtak om tilrettelegging ved nedsett funksjonsevne § 37. 

Føresette har rett til å klage både på avslag, innhaldet i vedtaket, saksbehandlinga og manglande oppfølging av vedtaket.

Skjema for klage på vedtak må fyllast ut. 

Dersom kommunen ikkje kan imøtekoma klagen, er Statsforvaltaren i Rogaland vidare klageinstans. Me sender klagen vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjersle.