Borgarleg vigsel

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Borgarleg vigsel

Kommunestyret har vedteke at me skal ha eit godt og tilgjengeleg vigselstilbod, med vekt på det seremonielle. 

Kven kan gifta seg i kommunen?

Alle som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge etter ekteskapslova kapittel 1.

Når kan me gifta oss?

I utgangspunktet tilbyr me vigsel innafor normal arbeidstid på kvardagar.

Vil du gifte deg på eit anna tidspunkt? Ta kontakt med oss så kan me avtala ei tid som passar. Hugs å ta kontakt i god tid. 

Kva kostar det?

Det er gratis for:

  • kommunen sine innbyggarar
  • personar som er busett i utlandet, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge

Føresetnaden er at vigselen vert gjennomfør innanfor normal arbeidstid og i eit av lokala me tilbyr.

Me tek betalt: 

  • dersom du ikkje er busett i kommunen
  • ønsker eit anna tidspunkt enn det me tilbyr
  • ønsker eit anna lokale for vigselen enn det me tilbyr
Kor blir vigselen gjennomført?

Me har valgt å tilby Spinneriet som lokale for seremonien. Det er eit unikt bygg som er restaurert som kulturbygg i Hjelmeland sentrum. 

Kven gjennomfører borgarleg vigsel i kommunen?
Korleis gjennomfører ein vigselen?

Det er visse formelle krav til kva som skal gjennomførast ved ein vigsel, desse følger av ekteskapslova § 11.

  • minst to vitner skal være til stades
  • vigslaren nyttar det borgarlege vigselsformularet
  • vigsel vert i hovudsak gjennomført på norsk
  • dersom de treng tolk må de sjølv skaffe det

Bortsett frå det formelle er det stort sett opp til dykk korleis vigselen vert gjennomført. Dersom det er ønske om musikk, diktopplesing eller liknande, er det viktig at det vert opplyst om dette i samband med bestilling av tid. De er sjølv ansvarlege for praktisk organisering av dette. 

Etter vigselen får de med dykk ein midlertidig vigselsattest. Den endelege vert ettersendt frå Folkeregisteret.

Kva må gjerast før vigselen?

Før de kan gifta dykk, må det prøvast om vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt.

  • du må søke om prøving digitalt via skatteetaten.no
  • saksbehandlingstida kan være inntil 5-6 veker
  • ved gjennomført prøving får du tilsendt ein prøvingsattest digitalt
  • prøvingsattesten er gyldig i 4 månadar og vigsel må difor gjennomførast innan desse månadane

I tillegg til prøvingsattest må du skaffe minst to vitner som skal vera til stades under vgiselen. Desse kan vera:

  • forlovarane
  • andre myndige personar
  • kommunen kan stilla med vitner etter avtale

Les meir på Skatteetaten sine nettsider - Vegen til ekteskapet - steg for steg

Skal du endre namn i forbindesle med ekteskapet? Det ordnar du sjølv på skatteetaten.no sine nettsider.

Korleis avtalar me tid for vigsel?

Dersom du ønsker å gifta deg hos oss eller berre vil ha meir informasjon om tilbodet, kan du ta kontakt med Kundesenteret:

  • e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no
  • brev og besøk: Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland
  • telefon: 51 75 00 00
  • skjema: bestilling av tid for vigsel

Me ber om at du tar kontakt i god tid før planlagt dato for vigsel. Dette gjeld spesielt dersom dykk har ønske om tidspunkt utanfor ordinær arbeidstid.