Spinneriet

Spinneriet blei bygt i 1873–74 og har blitt brukt til mange formål opp gjennom åra. Det starta som ullspinneri der mange kvinner hadde sin arbeidsplass, herav er også namnet ”Spinneriet”.

Seinare blei det brukt til mellom anna handverksskule, jærstolproduksjon, smie, konservering, treskofabrikk, fruktsortering og til sist som trevareverkstad. I 1990 blei det selt til kommunen. Det er no restaurert til kulturføremål og det blir ofte arrangert konsertar og tilstellingar her. Mange vel og å feire merkedagar her så som bursdagar, bryllaupsdag og konfirmasjon.

Ønsker du å leige Spinneriet? Ta kontakt med Kundesenteret.

Reglar for utleige av Spinneriet. (PDF, 162 kB)