Faktura til kommunen - informasjon til våre leverandørar

Faktura til kommunen - informasjon til våre leverandørar

Kommunen krev at alle leverandørar av varer og tenester sender fakturaer og kreditnotaer i samsvar med EHF-standarden. Det er og viktig at alle fakturaer merkast med fakturareferanse til bestillar/godkjennar.

Merk særleg:

  • Vår fakturaadresse er vårt organisasjonsnummer: 864 979 092
  • Bestillar sin fakturareferanse må leggjast inn i feltet "accounting cost" / "cbc:ID"  (ofte kjent som "Deres ref.") og ha slikt format: xxx-xx. Det må ikkje stå noko anna i dette feltet.
  • Eventuelle vedlegg må følgje EHF-fakturaen.
  • Av omsyn til datatryggleiken vil ikkje Hjelmeland kommune ta i mot faktura via e-post. Dette gjeld både pdf-filer og lenkjer til portalløysingar.
  • Dersom du som leverandør manglar løysing for å sende EHF-faktura, bed vi om at du tek kontakt med oss for rettleiing til alternative løysingar.
  • Hjelmeland kommune ønskjer at betalingsvilkår skal vera minimum 30 dagar frå fakturadato.
  • Kommunen krev at fakturaer er i samsvar med krava i bokføringslova med føresegner. Viss dei ikkje er det, vil dei bli returnert.

Finn rett fakturareferanse her (PDF, 214 kB)

Iren Fister Kvernstrøm
Rådgjevar
E-post
Telefon 40 43 90 27

Åpningstider

Mån - fre: kl 10:00 - 15:30