Målbruksplan, inforskjermar og skotpremie på mink

Målbruksplan, inforskjermar og skotpremie på mink

Kommunestyret la inn nokre endringar før dei gjorde endeleg vedtak om budsjett for 2024.

Formannskapet hadde alt bestilt ein større gjennomgang av kommunen si drift og organisasjon, og lagt inn ein del konkrete endringar, før kommunestyret «arva» budsjettet. Det kom likevel ein del nye forslag då kommunestyret behandla budsjettet. Det var både store og små forslag.

Me vil ha ein ny målbruksplan, innføra skotpremie på rev og mink og me vil ha universell utforming av badeplassen i Kjelavika på Fister, opna Arthur F. Egeland med.

Han la fram forslaga frå fleirtalspartia Sp, Ap og SV.

Kommunestyrerepresentant Arthur Egeland - Klikk for stort bilete Magnar Riveland

Egeland trekte også fram fleire andre, nye budsjettpostar. Hjelmeland bedehus får til dømes støtte til oppussing av kjellarlokalet sitt, og det skal etablerast infoskjermar rundt om i bygdene. 

Frå før har formannskapet mellom anna gått inn for å oppretta ein fritidskasse som skal bidra til at fleire barn og unge kan bli med på fritidsaktivitetar, og dei har stilt ein garanti på inntil 800.000 for reparasjon av taket på Årdal gamle kyrkje.

Mindretalspartia hadde også sine forslag til endringar i budsjettet. Torunn Munthe (H) gjekk mellom anna inn for å gjenoppretta halvårlege barnehageopptak. I dag har Hjelmeland løpande opptak, slik at foreldre som søker om barnehageplass får svar med det same.

Munthe sitt forslag fekk ikkje fleirtal, men ho fekk derimot gjennomslag for forslaget om at ikkje berre kommunestyret sine møte skal strøymast på internett. Nå skal også møte i formannskapet og areal- og forvaltingsutvalet bli direktesende. Tårn Sigve Schmidt (Sp) var den einaste som røysta imot. 

Desse møta er opne for alle interesserte i dag. Tonen er uformell, men debatten er ofte god. Eg fryktar at forma blir stivare, og at folk i større grad har diskutert og gjort seg opp ei meining før møtet, meinte Schmidt.

Asbjørg Kvame Hetlesæter (KrF) føreslo at fritidskortet som NAV skriv ut til barn frå låginntektsfamiliar også skal dekka elevavgift i kulturskulen. Kommunestyret støtta det, men sa nei til Ståle Halsne (KrF) sitt forslag om å auka overføringane til Kyrkja i tråd med løns- og prisvekst. 

Dermed var det nyvalde kommunestyret ferdige med behandlinga av sitt første budsjett. Det var også det kommunedirektør Janne Johnsen meiner er det siste budsjettet før livreima skal strammast ganske betrakteleg. Kommunestyret har alt starta førebuingane til trongare tider. Dei har mellom anna bestilt gjennomgangar av organisasjon og drift av kommunen i året som kjem, og sett i gang tiltak for å auka nedbetaling av gjeld og behalda meir av pengane som i dag går til Ryfylkefondet.