Skotpremie

Skotpremie

Me har innført skotpremie på rev og mink frå 2024. 

Les Fylkeskommunen si godkjenning av innføring av skotpremie.

Skotpremien er 

  • rev 500 kroner
  • mink 300 kroner

Me samarbeidar med Hjelmeland sau og geit, som tek i mot meldingar om felte mink og rev og registrerer dette. 

Melding om felt vilt

Melding om felt vilt sendast på e-post til sven.g.westersjo@gmail.com. 

Det må opplysast om

  • namn på jeger
  • adresse
  • kontonummer
  • gardsnummer / bruksnummer (gnr/bnr) det dyret er felt
  • dato for felling

Fotodokumentasjon må leggast ved. 

Jakttid

Me minner om jakttida for mink og rev: 

  • raudrev i perioden 15. juli til 15. april
  • villmink heile året

Det kan ikkje utbetalast tilskot for rev som er felt utanfor jakttida. 

Frist og utbetaling

Frist for å senda inn melding om felt vilt er 1. november. 

Skotpremien vil bli utbetalt ein gong i året etter at me har mottatt oversikt over registrerte fellingar frå Hjelemland sau og geit.