Fakturering av kommunale tenester og eigedomsskatt

Fakturering kommunale avgifter og eigedomsskatt

Kommunale avgifter og eigedomsskatt

EIGEDOMSSKATTESETEL

Det vert kvart år sendt ut eigendomsskattesetel innan 1.mars for skatteåret. Dette er ingen faktura, kun informasjon.

 

TERMINAR 

Faktura for eigedomsskatt, vatn og avlaup vert sendt  i 4 terminar i året.

Faktura for feiing/tillsyn vert sendt i 1 gang i året i termin 3.

Avrekning av vatnmålar for fjoråret vert sendt i 1. termin.

Frå 2020 innføres fleksibel fakturering der eigar kan velje 2 terminar eller 1 termin pr. eigedom for faktura for eigedomsskatt/vatn/avlaup.

Forfall er i termin 1 og 3 ved val av 2 terminar. Forfall er i termin 1 ved val av 1 termin i året.  

 

UTSENDING AV FAKTURA

Faktura for 1. termin sendes i slutten av mars med forfall 20. april

Faktura for 2. termin sendes i slutten av mai med forfall 20. juni

Faktura for 3. termin sendes i slutten av september med forfall 20.oktober

Faktura for 4. termin sendes i slutten av november med forfall 20. desember

 

Eigar kan avtale delbetaling av kvar faktura i 2-3 avdrag ved å kontakte økonomiseksjonen.

Les meir om eigedomsskatt.

Barnehage og SFO

Vert fakturert 11 ganger per år. Juli er betalingsfri.

Det blir fakturert i slutten av månad med forfall den 20. i neste månad.

Andre tenester

Hovudfakturering er i slutten av månaden, med forfall den 20. i månaden etter.

Digital faktura

Me er i ferd med å gjennomgå våre tenester med sikte på auka bruk av digitale verktøy. Dette gjer me for å effektivisere og redusere kostnadar. Me startar no med digitalisering av utgåande faktura til kundar. Me tar sikte på at dette trer i kraft frå og med september månad.

Les meir om dei ulike alternativa her

Problemer med å betale fakturaen?

Dersom du treng oppdeling av fakturert beløp i fleire terminar, eller ønskjer utsatt forfall, så må du ta kontakt med økonomiseksjonen.

 

Kontonummer for innbetaling

Kommunale avgifter og eigedomsskatt skal innbetalast til kontonummer: 3201 63 29931

Torill Berge
Rådgjevar skatt
E-post
Telefon 404 39 024