Eigedomsskatt

I kommunen har me eigedomsskatt på alle typar eigedom, inkludert ubebygde tomter. Det kan gis fritak etter eigedomsskattelova §§ 5 og 7. 

Om kommunal eigedomsskatt

Satsar

Skattesats er 2 promille for bustad/fritidseigedom og 7 promille for næring/energieigedom (vasskraft, kraftnett m.v.).

Botnfrådrag er kr. 100 000 for kvar godkjente bueining. Takst fråtrekt botnfrådrag = skattetakst.

Alminneleg taksering var i 2008. Takstane er gjeldande i 10 år, med mindre det er større endringar på eigedomen. For skatteåret 2018 vart det vedtatt prisauke med 5 % på takst og for 2019 er det vedtatt ytterlegare prisauke med 2,5%.

Kvart skatteår er det ny/omtaksering av eigedom som har hatt endringar i fjoråret (eks. nye bygg/tilbygg, ny tomt, revet bygg, frådeling eller andre endringer.)

Produksjonsutstyr vert utskrive som særskilt skattegrunnlag med 1/7 reduksjon av grunnlag, etter overgangsreglar §§ 3 og 4.

Utskriving av skatt

Utskriving av eigedomsskatt, skattesatser og botnfrådrag vedtas årleg av kommunestyret ( i desember) i budsjettvedtak for neste skatteår.

1.mars kvart år sender me ut eigedomskattesetel for eigedom med takst. Det er 6 vekers klagefrist på taksten, rekna frå 1.mars. Klagerett gjeld både nye takstar, og eldre takstar som ikkje har vært påklaga på same grunnlag før.

Årets eigedomsskatteliste vert lagt ut på kundesenteret for offentleg gjennomsyn i 3 veker kvart år, frå 1.mars.

Faktura

Betaling skjer i 4 terminar i skatteåret.

Me sender ut faktura 

  • 1. termin ca 20. mars - med forfall 20. april 
  • 2. termin ca 20. mai - med forfall 20.juni
  • 3. termin ca 20. september - med forfall 20. oktober
  • 4. termin ca 20. november - med forfall 20. desember

Det kan avtales utsett forfall eller betalingsavtale med økonomiseksjonen.

Les meir om faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Ettergiving eller nedsetting av eigedomsskatt

Eiendomsskatt kan setjast ned eller ettergis dersom det har oppstått tilhøve som vil gjere det særs urimeleg å krevje inn eigedomsskatten, jamfør eigedomsskattelova § 28.

Det er ei konkret heilskapsvurdering som skal ligge til grunn for avgjersla. Skatteytaren har ikkje krav på nedsetting eller ettergiving. Dette er eit strengt vilkår og berre aktuelt reint unntaksvis. Som døme på fritaksgrunn nevnes svekka økonomi som følgje av alvorleg sjukdom eller lignende

Nedsetting kan skje etter søknad frå skattytaren. Avgjersle om nedsetting skal fattast av formannskapet. Vedtaket om nedsetting eller ettergiving av eiendomsskatt vert fatta for eitt år om gongen.

Ny sjablongsatsar etter kontorjustering for 2019

Eigedomsskattesatsen er auka i 2019. Sjablongsatsar for areal frå 2008 er auka med i alt 7,5%. 5% for 2018 og 2,5% for 2019. Detter er kontorjustering jamfør eigedomsskattelova § 8 A-4.

Gjeldande sjablongsatsar for 2019 er 

Tomt - sjablongpris pr. m2 for bustad/fritid og for næringseigedom
Tomt til kva? Sjablongpris pr. m2
Fritids-/bustad 215
Næring 108

 

Bygg - sjablongpris pr. m2
Kva? Sjablongpris pr. m2
Einebustad, tomannsbustad 10750
Einebustad med sokkelleilighet 10750
Rekkehus, kjedehus, andre småhus 12900
Våningshus 10750
Terrassehus, blokker 16125
Fritidsbustad 18275
Bustadgarasjar og uthus 2150
Industri 2150
Lagerbygning, uisolert 538
Lagerbygning, isolert 1075
Fiskeri og lanbruksbygningar 0
Kontor-/forretningsbygg 4300
Samferdsels- og kommunikasjonsbygningar 4300
Hotell- og restaurantbygningar 4300
Kultur- og forskningsbygninar 4300
Helsebygningar 4300
Fengselsbygninga, beredskapsbygningar 4300
Naust 8600

 

Rammer og retningslinjer
Torill Berge
Rådgjevar skatt
E-post
Telefon 404 39 024