Presentasjon av ordføraren

Presentasjon av ordføraren

Anita Husøy Riskedal er ordførar i Hjelmeland kommune og ho representerer Senterpartiet. Ho vil vera å treffa på kontoret når ho er ledig. Ho har kontor i kommunehuset på Hjelmeland.

Ordførar Anita Husøy Riskedal - Klikk for stort bilete Bjørkhaug AS

Anita Husøy Riskedal kjem opprinneleg frå Gjerdsvika i Sande kommune i Møre og Romsdal. Ho flytta til Årdal i 2003. Ho er gift med Alf Rune Riskedal og saman har dei to tenåringar. 

Kontakt

Vil du vera heilt sikker på å treffa ho?

Verv

Ho har vore med i kommunestyret i snart to periodar; 2015-2019 og 2019 til dags dato. 
Begge periodar som medlem i formannskapet, og varaordførar frå 2019.

I tillegg har ho hatt ei rekke tillitsverv i offentlege utval/styre og frivillige organisasjonar.

Har vore fungerande ordførar frå desember 2021, og vart vald som ny ordførar av kommunestyret 2. november 2022. Ho vart attvald som ordførar ved kommunestyrevalet i 2023.

Yrkeserfaring

  • Utdanna sosionom ved Universitetet i Stavanger.
  • Har tidlegare jobba som sosionom på Motland skule i Hå kommune. 
     

Etter at ho flytta hit har ho jobba i ulike einingar i kommunen

  • Hjelmeland omsorgssenter
  • Flyktningkontoret
  • Sosial- og barnevernskontoret
  • NAV
  • Bustadkontoret

og i tillegg hadde ho ei kortare periode i ei deltidsstilling som prostesekretær på kyrkjekontoret. 

Anita Husøy Riskedal
Ordførar
E-post
Telefon 40 43 90 09