Fritidsaktivitetar

Fritidsaktivitetar

Me mange ulike frivillige lag og organisasjonar i kommunen, og ein stor del av desse har aktivitetar for barn og unge. Under finn du ei oversikt over nokon av desse aktivitetane - men det finnes mange fleire! Ta gjerne kontakt med dei ulike laga direkte om du har spørsmål. 

Barne- og ungdomsteater

Hjelmeland teater driv barne- og ungdomsteater.

Me samlast til øvingar på Hjelmeland Samfunnshus.  

Barneteateret er eit tilbod for barn i alderen 6-12 år. 

Ungdomsteateret er primært for ungdommar i alderen 13-18 år. 

Øvingstider:

  • Barneteateret 1.-4. klasse: torsdagar kl. 17:00-18:30
  • Barneteateret 5.-7. klasse: torsdagar kl. 17:00-18:30
  • Ungdomsteateret (aktørar): torsdagar kl. 18.30-21.00
  • Ungdomsteateret (teknikarar): torsdagar kl. 19:00-21:00 

Meir informasjon og innmeldingsskjema. 

Hjelmeland barnekor

Me håpar du har lyst til å vera med? 
Koret er for deg som går i 1.-5. klasse. 

Me skal læra mange kjekke songar, og også opptre etter kvart! 

Stad: Hjelmeland kyrkje
Oppstart: hausten 2023
Vidare kvar onsdag med unntak av feriar og liknande.

Meld deg på til

Anen-Berit Rinde Bjelland på tlf. 992 48 683.

Oppgje fullt namn på barn og ein føresett + klassetrinn og e-postadresse. 

Tilbodet kostar kr 50 pr. barn pr. år. 

Vel møtt frå heile kommunen!

Hjelmeland IL - fotball

På Facebook-sida til Hjelmeland IL -fotball finn du diverse informasjon om treninger, kamper, cup og anna kjekt! For meir informasjon om treningstider for dei forskjellige aldersgruppene, ta kontakt.

Kontaktperson er Jarle Mjølhus 
Mobil: 913 96 158
E-post: fotball@hjelmelandil.no
Facebook: Hjelmeland IL -fotball

Heimeside til idrettslaget.

Hjelmeland IL - handball

Treningstidene vert lagt ut på heimesida til Hjelmeland idrettslag så snart dei er klare!

Kontaktperson er Elisa Hanf
E-post: handball@hjelmelandil.no
 

Hjelmeland IL - ski
Hjelmeland IL - ski
Dag Klokke Kva
Måndag 14.45-16.15 Styrke og utholdenheitstrening v/Hjelmelandshallen. Frå 6. klasse og oppover. Frå og med 4. klasse etter haustferien.
Onsdag 18.00-19.30 Intervalltrening. Me byttar på å være i Årdal, på Fister og Hjelmeland. Frå 6. klasse og oppover. Yngre kan være med i lag med ein vaksen. Etter haustferien blir det sannsynlegvis opna for fleire aldersgrupper.
Fredag 17.00-18.30 Rulleskitrening frå 1. klasse og oppover v/Hjelmelandshallen. Variert trening etter alder, ofte samla oppstart med leik og moro! Eige opplegg for dei minste/nybegynnarar. Ta med skisko med god ankelstøtte, stavar og hjelm. Skigruppa har rulleski til utlån. Sjekk gjerne med Utstyrsbanken om du treng å låna anna utstyr.


NB! Føl oss på Facebook for å sjå eventuelle endringar i planane. 

Kontaktperson er Erlend Widerøe Hennig
Mobil: 984 65 614
E-post: ski@hjelmelandil.no
Facebook: Hjelmeland IL ski

Heimesida til idrettslaget.

Hjelmeland Skytterlag

Me held til på skytebanen på Byrkja.

Treningar er tysdagar kl. 18.00, stort sett heile året.

Anbefalt alder er 10 år. Det kan gå fint med 9 år også, men det kjem an på modenheit og korleis dei hanskas med eit våpen.

Kontakt

Anne Dale Nordbø

Tlf. 476 61 333

E-post hjelmeland@skytterlag.no 

Facebook Hjelmeland Skytterlag

Hjelmelandspeiderne
Hjelmelandspeiderne
Dag Klokke For kven?
Annankvar måndag 17.30-19.00 Frå og med 1.-10. klasse og dei som går på vidaregående dersom dei ønsker å delta.


Me held til ved grillhytta bak Fister skule. 

Kontaktperson er Anita Rørheim. 
Mobil: 482 94 646
Facebook: Hjelmelandspeiderne

Heimesida til Hjelmelandspeiderne.

Jerv 4H og Hjelmen 4H

Eit klubbmøte pr. månad. Variert program med friluftsliv, tur, klubbaktivitetar og sosiale opplegg. Kvart medlem vel eit prosjekt dei vil jobba med gjennom året, og dette avsluttas i oktober/november med haustfest og utdeling av merker/vurderingskort.

Kontaktinformasjon Hjelmen 4H: 
Kontaktperson er Gry F. Sjursen.
E-post: grygry@online.no
Mobil: 952 49 670
Facebook: Hjelmen 4H


Kontaktinformasjon Jerv 4H:
Kontaktperson er Frode Riskedal.
Mobil: 952 05 905
Facebook: Jerv 4H

Heimeside til 4H Norge.

Onsdagsklubb
Onsdagsklubben på Fister bedehus
Dag Klokke For kven?
Onsdag (oppstart etter haustferien) 17-18.15 Frå og med 1.-6. klasse.


Me held til på Fister bedehus.

Kontaktperson er Anne Norunn Helgøy.
Mobil: 419 28 153
E-post: annenorunn@icloud.com

Randøy IL
Randøy IL
Dag Klokke Kva
Måndag 18-19.00 Trening (diverse aktivitetar), frå 1.-10. klasse
Måndag 20-21.30 Volleyball, frå 13 år og oppover.
Tysdag 18.30-20.00 Bogeskyting frå 10 år - vaksne
Fredag 20-21.30 Volleyball/basketball, frå 13 år og oppover.

Treningane skjer på Randøy skule. 

Kontaktperson er Arne Sandanger. 
Mobil: 484 98 190
E-post: asandanger@hotmail.com

Sykkeltrening
Sykkeltrening
Dag Klokke For kven?
Torsdagar 17.30-18.30 Frå og med 1.-4. klasse. Treninga varer fram til haustferien og startar opp att etter påskeferien.


Me held til ved fruktlageret i Årdal. OBS! Oppstart onsdag 26. august 2020. 

Kontaktperson er Ruth-Iren K. Sie. 
Mobil: 922 45 502
Facebook: Sykkelgruppe for barn

Ungdomsklubb/Fritidsklubb

Hjelmeland Samfunnshus arrangerar ungdomsklubb for ungdommar i alderen 13-18 år, ca 1 gong per månad.

Datoane finn du på Facebooksida til Hjelmeland Samfunnshus.

 

Oversikt over lag og organisasjonar

Du kan finne ei oversikt over alle lag og organisasjonar i kommunen inne på Hjelmeland frivilligsentral sine heimesider

Åsmund Sigmundstad
Dagleg leiar Frivilligsentralen
E-post
Telefon 40 43 91 55
Magnar Riveland
Kulturleiar
E-post
Telefon 40 43 91 53