Tilskot til etablering av hurtigladestasjonar

Tilskot til etablering av hurtigladestasjonar

Hjelmeland kommune jobbar aktivt med å fremje det grøne skiftet og berekraftig utvikling, blant anna ved sikre ein trygg ladestruktur i heile kommunen. Dette vil bidra til at fleire kan velje elektriske bilar og dermed redusere klimautsleppa.

Hjelmeland kommune med sine 1068 kvadratkilometer i Ryfylke i Rogaland er kjend for den vakre naturen sin og dei gode mogelegheitene sine for friluftsliv, med blant anna fjell, fjordar og skogområde. Riksveg 13 med gass og el-ferje mellom Hjelmeland og Nesvik er ei hovudferdselsåre gjennom kommunen.

Om ordninga

Hjelmeland kommune gir støtte til etablering av hurtigladestasjonar i Årdal,  Hjelmeland og Jøsenfjorden. Ladeoperatørane kan søka om støtte for ein eller fleire av desse områda, men dei som kan byggje ut flest område vil bli føretrekt.
Hjelmeland kommune støttar etablering med inntil kr 1.500.000 av ein hurtigladestasjon per område. Søknaden blir vurdert ut ifrå støtteintensitet (kr/kw) og forslag til løysing. Den som leverer best tilbod får støtte. Søkjar må kunne visa til tidlegare gjennomførte tilsvarande prosjekt.

Kriteria for tilskot

  • Hurtigladestasjonen må ha ein kapasitet på minimum 150KW. 
  • Hurtigladestasjonen må ha minimum 2 CCS-kablar. Det vil vera positivt om hurtigladestasjonen i tillegg har ein Chademo-kabel.
  • Det vil vera positivt om hurtigladestasjonen støtter «Plug & Charge», men inga krav.
  • Hurtigladestasjonen må vera open for alle. Det må vere mogleg å betala utan å ha avtaleforhold med operatør.
  • Hurtigladestasjonen bør vera i nærleik av servicepunkt/butikk.
  • Hurtigladestasjonen må vera tilgjengeleg for personbil og større køyretøy som til dømes varebil, bubil mfl.
  • Ladeoperatøren må drifta hurtigladestasjonen i minimum 10 år. 
  • Hurtigladestasjonen må vera i drift innan 12 månader frå søknad om støtte er innvilga. 
  • Støtta blir utbetalt når hurtigladestasjonen er sett i drift. 
  • Det blir berre gitt støtte til investering, ikkje til drift. 
     

Slik søkjer du

Send søknad til postmottak@hjelmeland.kommune.no.

Merk søknaden med «Tilskot til hurtigladar». Søknaden må skildra løysinga inkludert investeringskostnad, type ladar, plassering og andre relevante forhold. Ein må svara ut om ein oppfyller kriteria for tildeling av støtte.  

Vedlegg til søknad

  • årsrapport/rekneskap for selskapet (gjerne som link)
  • skatteattest

Søknadsfrist

Frist for å søka støtte er 24.mai. 

Viss fristen er for kort, ta kontakt snarast innan 26. april.

Terje Auglend
Einingsleiar prosjekt og digitalisering
E-post
Telefon 40 43 90 14